KJETIL REITENo sit ei hakkande galen Kate tilbake med hol i veggen og brev frå forsikringsselskapet Vesta om at dei ikkje vil betale for skadane.

— Då eg flytta hit ut for eit år sidan syntest eg det var så koseleg med alt dyrelivet her ute på landet. Men dette blei litt for mykje dyreliv, seier Kate som bur på Toftegård i Austrheim.

Det som enda med store hol i kledninga byrja ifølgje avisa Strilen svært så idyllisk i midten av september.

— Første gongen hakkespetten kom, sat eg heilt stille i stova og såg på, for eg syntest det var eit veldig vakkert syn. Men det var før eg kom og såg kva skader fuglen hadde gjort.

Etter det fekk Kate og dottera Anita det svært travelt med å få bort hakkespetten. Men huiing og skriking frå morgon til kveld, plaststrimlar på veggen og to kattar på tunet var ikkje nok til å halde hakkespetten borte.

— Til slutt klarte eg ikkje å konsentrere meg om undervisninga på skulen der eg jobbar, seier Kate.

Etter fleire dagar med intens hakking fekk Kate til slutt fellingsløyve på den freda hakkespetten og fekk vaktmeisteren på Austrheim vidaregåande skule til å love at han skulle gjere kort prosess med hakkespetten.

Men då hadde altså hakkespetten rukke å stikke av.

VART NÆRGÅANDE: Kate Paulsen og dottera Anita Paulsen Kommedal fekk dyrelivet nesten heilt inn i stova då ein hakkespett gjekk laus på huset deira på Toftegård i Austrheim.
Foto: Marte Rognerud