— Dei lagar masse trøbbel for oss, og eg kan vel ikkje seia eg er fan av fuglen, nei, seier Jostein Tangerås, driftsingeniør i Kvinnherad Energi til lokalavisa Grenda.

Fuglen han snakkar om er svart, kvit og raud, og du har kanskje gjetta at det er Hakke hakkespett som har vore på ferde.

Pepra med hol

Ifølgje Tangerås høgg dei seg inn i mastene og byggjer reir. Enkelte master er nærast pepra med hol etter dei bustadsøkjande fjørkrea.

Straumpålar som kunne stått i inntil 40 år, må skiftast innan eit år. Problemet er stort på Hatlestrand, i Ølve, ved Stussvik og Kvitebergsvatnet og på strekninga Austrepollen-Kroka.

For tida byggjer energiselskapet nye linjer ved Mundheim, der fuglen også har skapt hovudpine for straumselskapet.

Dyrt

— Me sette opp mange nye pålar. Berre ein månad etter, måtte med skifta ut den første. Så dette er eit stort problem, seier Tangerås til lokalavisa.

Nye pålar kostar 5000 kroner kvar, men i arbeid og helikopterutgifter kan kostnaden med å byta åtte pålar koma opp i 100.000 til 150.000 kroner.

No prøver Kvinnherad Energi å lura inntrengjaren ved hjelp av minknetting og spesialplastdukar.

Har du opplevd noko liknande? Skriv i kommentarfeltet!

PEPRA: Slik ser det ut når Hakke Hakkespett er på bustadjakt. Foto: Gunn-Bente Stølen.