Hardanger tingrett avgjorde i dag at den unge mannen skal haldast varetektsfengsla i fire nye veker.

Politiet ser ikkje nokon fare for at mannen skal øydelegga bevis, stikka av, eller gjera nye strafflagde handlingar. Når retten likevel vil halda han fengsla utan fellande dom, er det lagt vekt på ålmenta si rettskjensle, heimla i paragraf 172 i straffeprosesslova. Dette stadfester sorenskrivar Klaus Skjeldal i Hardanger overfor bt.no.

Dermed er det grunn til å tru at 18-åringen blir sitjande i varetekstfengsel fram til straffesaka kjem for retten i Odda rådhus i midten av februar.

— Det er ein alvorleg tiltale 18-åringen må svara for, seier politiadvokat Kjetil Kvalvik til bt.no

<b>KULEHULL:</b> Slik såg det ut på veggen til diskoteket "Hjørna" etter skytedramaet. <br/>FOTO: EIVIND NATVIG