EYSTEIN RØSSUM og RUNE CHRISTOPHERSEN

18-åringen blei i dag framstilt for varetektsfengsling i Bergen. Saka gjekk for lukka dører.

Avgangseleven ved Odda vidaregåande skule sat i natt i arresten i Bergen. Først i fengslingsmøtet i dag vil politiet fortelje om guten vil bli sikta for drapsforsøk, eller om dei vil gi siktinga ei anna utforming.

— Då han vart pågripen vart han sikta for grov lekamsskading. Kva siktinga vil bli i morgon, er ennå ikkje avgjort, seier politiadvokat Ole Bjørn Mevatne i Hordaland politidistrikt.

Politiet avhøyrde i helga meir enn 40 vitne i Odda, og held fram med avhøyra i dag. Det var fultl med skuleelevar både inne på diskoteket Nye Hjørna og på fortauet utanfor då 18-åringen kl. 01.45 dukka opp og skaut to skot med eit dobbeltløpa haglegevær.

— Vi har ganske god oversikt over det som hende. Men kvifor han skaut kan vi ikkje seie meir om ennå, seier lensmann Øyvind Rosseland i Odda.

Odda-advokat Samson Røyrvik er oppnemnt som forsvarar for 18-åringen. Guten forklarte seg for politiet laurdag, men Rosseland vil ikkje kommentere kva som vart sagt i avhøyret.

Det vart tatt utvida blodprøve av 18-åringen, for finne ut om han var påverka av rusmiddel.

SKOT: Det var på denne utestaden Nya Hjørna Diskotek i denne gata i Odda sentrum at hagleskota vart avfyrt. <br/>Foto: EIVIND H. NATVIG.