Bygda vart pepra med hagl på storleik med golfballar. Blomebed vart lagt flate, bilar og campingvogner fekk bulkar så tett som, ja nettopp, som hagl.

— Vi har taksert skadar på 17 campingvogner og kome til ein gjennomsnittleg erstatningssum på 30.000 kroner. For 20 bilar er snittet rundt 50.000 kroner, opplyser skadekoordinator Per Arntsen i Gjensidige til Bergens Tidende.

Vert dekka

Men Arntsen har berre taksert for Gjensidige-kundar som alt har levert skademelding. Mange eigarar har ikkje vore i Haugsvik og sett skadane enno, og skadekoordinatoren veit ikkje kva for selskap dei ulike vognene er forsikra i. Skademeldingar strøymer inn til mange selskap, også utanlandske.

— På dei to campingplassane står det til saman mellom 70 og 80 vogner. Alle taka har bulkar. Skadane kjem opp i fleire millionar kroner, seier Arntsen.

Skadane vert dekka forsikringa dersom det er teikna kaskoforsikring. Men for dei fleste blir det likevel store utlegg i form av eigendel og bonustap. Dei med superbonus (75 prosent) og NAF-medlemskap slepp billegare unna. Dei fleste må betala 4000 kroner i eigendel, men dei som vil ha billegare årspremie kan avtala eigedel opp til 22.000 kroner. Det hadde vore surt i dette tilfellet.

Ly i garasje

I eit tun greidde dei å køyra gamlebilen ut av garasjen og setja nyare bilar trygt under tak før haglet kom. Dei hadde fått mobilmelding frå ein familiemedlem som vart overraska av uvêret i Brandsetdalen og såg at det hadde kurs heimover.

To utanlandske bilturistar på E16 berga bilane inn i den tomme garasje til Ingebrigt Tveite, melder Hordaland.

Folk og dyr fekk «juling» av haglbya, men slapp stort sett med skrekken.