Sogneprest Ola Døhl i Vågsøy er for tida sjukmeld, og vil ikkje koma tilbake i stillinga. Dette har biskopen i Bjørgvin, Ole D. Hagsæther bestemt, og Døhl skal ha akseptert avgjerda.

Døhl hadde si siste gudsteneste i Vågsøy for om lag ein månad sidan. Rykta om forholdet skal ha versert i lokalmiljøet i fleire veker, og no har kyrkja som arbeidsgjevar altså gripe inn.

Uforeinleg med å vere prest

— Ein ordinert prest i Den norske kyrkja kan ikkje ha ein livsførsel som er uforeinleg med det ein kan forvente av personar i presteleg teneste, seier Hagesæther til bt.no. - I ei slik stilling må han leve og lære i samsvar med Guds ord.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, består det uakseptable i at 37-årige Døhl, som er gift, skal ha innleia eit forhold til ei monaleg yngre kvinne som har hatt eit tilsetjingsforhold til kyrkja i Vågsøy. Kvinna er såleis over den seksuelle lågalderen.

Spørsmålet er i om Døhl som øvste ansvarleg for den geistlege tenesta i prestegjeldet og personalansvarleg kan ha misbrukt stillinga si.

— Det ligg ikkje i korta at vi vil politimelde denne saka, seier Hagesæther på spørsmål. - Til no har vi berre avklara at Døhl ikkje skal tilbake til stillinga i Vågsøy, og han er sjølv innstilt på det. Vi kjem til å vurdere korleis den vidare framtida hans i Den norske kyrkja kan bli.

Ei vond sak

Biskopen legg ikkje skjul på at saka har valda problem for dei personalansvarlege i bispedømmet.

— Det er ei vond sak for oss, seier Hagesæther, som ikkje har opplevd ei tilsvarande sak i sine om lag åtte år som biskop i Bjørgvin.

— Vi må prøve å ta mest mogeleg omsyn til dei involverte, men forstår også at ei slik sak har offentleg interesse.

Biskopen strekar under at han ikkje har noko som helst å utsetje på måten Døhl har utøvd si presteteneste elles.

— Vi har tvert imot vore veldig godt nøgde med arbeidet hans, seier Hagesæther.

Laurdag reiser Hagesæther sjølv til Vågsøy for å snakke med kyrkjelyden om saka. Han er fullt innforstått med at mange opplever dette som ei vanskeleg sak å takle.

Søndag vil biskopen sjølv halde gudsteneste på Raudeberg i Vågsøy, melder Fjordenes Tidende som omtalar saka i dag.

Kåre Oksholen, kapellan i Vågsøy, blir inntil vidare konstituert som sokneprest. Den ledige stillinga skal lysast ut på vanleg måte.