SLEIP TYPE . No er tida komen. Brunsnigeltida. Vekene og månadane då det skal koma til å kry av han i hagane våre. Vi dreg på ferie glade for å sleppa ha noko med han å gjera, vel vitande om at han vil ta seg til rette. Han vil ta kommandoen over grøntområda. Han vil eta seg gjennom prydbuskar og nyttebuskar, og vi kan berre grua oss til å koma tilbake til fortet. Til synet av sommarens herjingar og til tanken på den komande nærkampen med alle dei ekle brune sleipingane. I fotograf Jan M. Lillebø sin hage i Åsane plukkar dei brunsniglar kvar einaste dag. Etter tur endar dei sine dagar i saltlake. Lillebø bad kona finna eit fint eksemplar. Han ville portrettera inntrengjaren. Herr Snigel blei plassert på eit løvetannblad, men viste liten vilje til posering. Han dukka straks nedi det grøne, oppteken som har var av å eta seg vidare gjennom hagen.

FOTO: JAN M: LILLEBØ