— Eg trur dei fleste KrF-arane meiner det same som det Hagen uttalte på møtet til Levende Ord tysdag. Eg reagerte ikkje på noko av det han sa, seier Nyborg til Bergens Tidende.

KrF-toppen i Hordaland meiner Israel-profilen må skjerpast.

— Det er ein viss misnøye i partiet med den kursen KrF og regjeringa fylgjer i forhold til Israel, meiner Nyborg.

I BT i går kom ein annan KrF-topp, Anita Apelthun Sæle, med like sterk støtte til Hagen og hans syn på Israel og islam.

— Eg var ikkje usamd i noko av det han sa på møtet, sa Sæle

Misnøye i partiet

Nyborg meiner Israel-politikken fleire gonger har ført til misnøye mellom medlemer og tillitsvalde i KrF, mellom anna på årsmøta i fylkespartiet. Ho legg til at fylkespartiet vil kome med innspel i Israel-spørsmålet overfor programkomiteen i partiet som skal lage nytt valprogram for partiet.

Denne komiteen blir leia av miljøvernminister og nestleiar i partiet Knut Arild Hareide. Han kjempar for sin del om ein av dei fremste plassane på stortingsvallista til KrF frå Hordaland.

— Eg trur det er veldig mange i KrF som meiner partiet burde stramme opp profilen når det gjeld Israel. Vi veit kva Hagen står for i det spørsmålet. Det har nok vore ein del misnøye med at vi har vore for svake i Israel-politikken og at vi difor må skjerpe profilen.

Flytte ambassaden

— Kva inneber det å skjerpe profilen?

— Det inneber mellom anna å flytte ambassaden vår frå Tel Aviv til Jerusalem og ei sterkare fordøming av palestinarane.

— Dette vil vere i strid med offisiell norsk politikk?

— Ja. Eg innser det. I ei samarbeidsregjering vil ein måtte inngå kompromiss.

— Er du redd for at Hagen og Frp skal stele veljarar frå KrF gjennom Israel-engasjementet hans?

— Nei. Eg vil ikkje seie det. Eg er ikkje redd for Hagen. Det er mykje meir enn Israel-spørsmålet som avgjer kva kristne veljarar røystar. Eg kan nemne at samstundes med at Hagen stod på talarstolen i Bergen, vart det offentleggjort ny alkoholstatistikk. Den synte at unge menneske drikk mykje meir alkohol enn tidlegare. Det er ein konsekvens av Frp sin alkoholpolitikk. Eg kan også nemne pornografien. I det heile teke er det stor avstand mellom KrF og Frp i svært mange verdispørsmål som er avgjerande for kva kristenfolket røystar, seier Nyborg.

Til Bergens Tidende i går uttala KrF sin førstemann på Stortinget frå Hordaland Ingebrigt Sørfonn at han reagerte svært negativt mot ein del av det Hagen sa.

Han åtvara mot misbruk av Guds ord og bibelen i den politiske kampen og meiner det var nett det Hagen på møtet til Levende Ord tysdag kveld.

<b>SKAPER STORM:</b> Frp-formann Carl I. Hagen på Levende Ord tysdag.<br/>ARKIVFOTO: PAUL SIGVE AMUNDSEN