• Eg har respekt for at desperate lokalpolitikarar, som er desperate fordi sentrale styresmakter ikkje løyver nok pengar, kan ty til slikt som bompengar.

Slik svarte partiformann Carl I. Hagen då Bergens Tidende i går spurde om korleis han ser på at Os-ordførar Terje Søviknes bryt partiprogrammet til Frp og går inn for bompengefinansiering av E 39, Halhjem-Bergen.

Det glatte lag

I går fekk Søviknes det glatte lag av Frp sin samferdslepolitiske talsmann på Stortinget, Kenneth Svendsen. Han slo overfor Aftenposten fast at han ikkje aksepterer at partiet sin politikk blir uthola gjennom at Søviknes og Os Frp går inn for bompengefinansiering.

Hagen fann grunn til å legge til at det er skilnad mellom å vere i opposisjon og å sitje i posisjon. Det siste kan innebere at ein må inngå kompromiss som bryt med partiprogrammet, ifølgje formannen.

Til landsmøtet i Frp som opnar i Stavanger fredag, ligg det føre forslag som vil slå fast at partiet skal tvihalde på prinsippet om å gå imot eikvar bompengefinansiering.

«Konsolidere og feire»

Landsmøtet skal elles ikkje behandle nokon store eller viktige saker.

— Nå gjeld det å konsolidere partiet etter det historisk gode valet i fjor, og så skal vi feire dette valresultatet, kunngjorde Hagen då han møtte pressa i går.

Måndag meldte eit av sentralstyremedlemene i partiet, Torgeir Høien, frå Time seg ut av Frp. Han var rekna som eit lysande talent med ein stor karriere framfor seg i partiet. Han var rekna som ein av Hagen sine favorittar.

Høien meldte seg ut med beskjed om at han meiner Frp er blitt eit «venstrevridd» parti. Han hevdar at partiet sprikar i alle retningar i næringspolitikken. Han sat som Frp-representant i hovudstyret i Noregs Bank i åra 1998-2002. Nå tek han avstand frå utviklinga også i finanspolitikken til partiet.

Utmeldinga

Hagen likte dårleg at dei fleste spørsmåla på gårdagens pressekonferanse krinsa omkring denne utmeldinga og kva signal den sender.

Ifølgje Hagen var han sjølv heilt ubudd på at Høien ville melde seg ut. Han opplyste at han ikkje har snakka med Høien korkje før eller etter at utmeldingsbrevet kom om dei forhold som førde til at Høien melde seg ut.

Høien vart vald inn i sentralstyret i fjor og stod ikkje på val i år. Valkomiteen som alt har lagt fram innstillinga si, må nå kome saman att for å finne ein erstatning for Høien.

Sjølv skal Hagen klappast inn som formann for ytterlegare to år etter å ha sete 26 år i formannsstolen. Men han har lova at dette blir siste gong. Han skal trekkje seg om to år. Derimot skal han halde fram på Stortinget i endå ein fireårsperiode frå 2005.

Men til neste haust vil han inn i presidentskapen på Stortinget, så sant partiet ikkje kjem i regjeringsposisjon. Han er jamvel villig til å ta til takke med posisjonen som visepresident i Lagtinget, for å ta sete i presidentskapen.

FÅR STØTTE: Os-ordførar Terje Søviknes vil finansiere E 39 Halhjem-Bergen med bompengar, i strid med kva partiprogrammet seier om bompengefinansiering. Hagen respekterer likevel Søviknes sitt standpunkt.<p/> ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ