Solberg vil gå til val på at Bondevik-regjeringa skal halde fram. Men ho nemner ikkje med eit ord partiet som sørga for at Regjeringa kom til makta i 2001.

Til spørsmålet om eit eventuelt nærare samarbeid med Frp, seier Solberg, at det ikkje er aktuelt på grunn av Frp sitt program, at partia står for langt frå kvarandre.

— Dette er svært uklokt av Solberg og Høgre. Ei anna haldning kunne verke til at landet får ei ikkje-sosialistisk fleirtalsregjering, kommenterer Carl I. Hagen overfor Bergens Tidende.

Hagen varslar at Frp kjem til å drøfte situasjonen og haldninga inngåande på landsmøtet sitt om 15 dagar.

— Så får vi sjå om vi kjem med nye synspukt før sommaren, legg han til.

Ap-leiar Jens Stoltenberg seier for sin del til Bergens Tidende at han vurderer Høgre-leiaren og dei andre regjeringspartia si haldning til Frp slik at dei ikkje vedkjenner seg sitt eige parlamentariske grunnlag, men tvert om fornektar det:

— Dei tre partia som nå sit i regjering, er ifølgje alle meiningsmålingar håplaust langt unna fleirtal. I dag regjerer dei på grunnlag av ei regjeringserklæring og 52 skriftlege svar i ein avtale med Frp. Eg trur ikkje at den tilstanden vil vare ved, at dei tre partia vil kunne halde fram på same måte i regjering, om valresultatet, mot alle meiningsmålingar i dag, skulle gje dei tre partia pluss Frp fleirtal. Det vil bli umogeleg i forhold til Frp, spesielt dersom Frp, slik meiningsmålingane tyder på, kan bli større enn Høgre. Det minner meg om ein trehjulssykkel med støttehjul, der støttehjulet er større enn sykkelen, seier Stoltenberg.

Venstre-leiar Lars Sponheim seier at både han og dei andre regjeringspartnarane «har lært oss til å leve med Carl I. Hagens ulike innfall og utfall. Det er ein risikosport ein blir van med».

— Men ingen av oss tek for gitt at vi kan leve trygt i regjering. Men Hagen må til sist velje side: om han vil la Bondevik-regjeringa halde fram, eller skaffe landet ei sosialistisk dominert regjering, seier Sponheim.