Før helgas beintøffe Skåla opp var det mange kjende namn på startstreken.

På førehand var det rekordhaldar Jon Tvedt, og seks gangar verdsmeister Wyatt det var mest snakk om, og det var dei som gjorde opp om førsteplassen.

Henta han inn

Jon Tvedt og Johathan Wyatt er to veldig forskjellige løparar. Tvedt er tidlegare orienteringsløpar, og liker seg best i dei brattaste partia. Wyatt er tidlegare baneløpar og spring best der det ikkje er fult så bratt.

— Då vi sprang over snøen, rett før det flata ut på slutten hadde eg om lag fem sekunds forsprang på han, men han er betre på dei flatare partia. Eg klarte ikkje hengje med han då, seier Tvedt, som kom inn 16 sekund etter newzealendaren.

Før det brattaste partiet var Wyatt 30 sekund framfor Tvedt.

Starta hardt

Før løpet visste Wyatt og Tvedt kor dei hadde kvarandre, og dei kjenner sine styrkar og veikskapar. Det gjorde at Wyatt opna forrykande.

— Det er ein tung måte å springa på, eg måtte kjøre full fart frå start av, og det var tungt, seier Wyatt.

Men sjølv om Tvedt ikkje greidde å hamle opp med Wyatt denne gangen heller, klarte ikkje Wyatt å slå hans 1.08.39 frå i fjor. Wyatt enda opp tre sekund bak.

— Det var dyre tre sekund, seier Wyatt som har premien på 35000 kroner som vert delt ut for ny rekord.

- Fantastisk løp

Men sjølv om det ikkje vart heilt som han hadde tenkt, med tanke på rekord syns Wyatt løpet var fantastisk.

— Det var eit fantastisk løp, men for meg var det veldig teknisk krevjande, seier Wyatt.

På veg opp får du sett vestlandsk natur på sitt aller best, men den fekk ikkje vinnaren med seg.

— Det vart lite tid til å sjå på naturen, men det får eg ta på vegen ned att, seier Wyatt smilande.

Om han kjem tilbake neste år er han ikkje heilt sikker på. August er ein månad med mange konkurransar for verdsmeisteren, men får han tid kjem han definitivt tilbake.

Overraskande tredjeplass

Tredjeplassen gjekk til Vidar løparen Øystein Sylta, som slo blant anna amerikanarane Joseph Gray, og Rickey Gates som vart nummer to og fire i det amerikanske motbakkemeisterskapen.

— Eg er godt nøgd med eigen innsats, det var mitt første løp i motbakke i år, og ein tredjeplass er veldig bra, seier Sylta.

Sjølv om det ikkje gjekk så bra som amerikanske Gray og Gates, har begge lyst å kome tilbake til neste år.

— Eg vil kome tilbake, og delta i La Sportiva Fanaråken opp, Skåla opp, og Tryvann opp som går tre helgar på rad, seier Gray, som legg til at han har kjæraste i Bodø.

Sjølv om det ikkje vart ny løyperekord i herreklassen i år, sette Anita Håkenstad Evertsen ny rekord i dameklassen, med tida 1.20.06, og med dette innkasserte ho 60.000 kroner.

Totalt deltok 1505 i årets Skåla opp, noko som er suveren deltakarrekord.

VINNAR: Johathan Wyatt kom i mål 16 sekund framfor rekordhaldar Jon Tvedt.
Erik Brendefur
I MÅL: Med ny rekord i dameklassen innkasserte Anita Håkenstad Evertsen 60 000 kroner.
Erik Brendefur