– Leiinga i flyselskapet har aldri snakka med oss. Det er både respektlaust og skuffande. Me hadde i det minste venta oss ei orsaking.

Evertsen fortel at det einaste initiativet Atlantic Airways prøvde seg på, kom dagen før gravferda – via sonen sin arbeidsgjevar, Aker Kværner.

– Førespurnaden gjekk ut på om Atlantic fekk lov til å representera i gravferda. Men det var gått så lang tid utan at me hadde høyrt noko. Ikkje var dei vaksne nok til å ta kontakt sjølv, heller. Dermed svara me nei. Flyselskapet sendte likevel ein krans. Den kasta me.

Direktør Magni Arge i Atlantic Airways beklagar på det sterkaste dersom det vert oppfatta som at flyselskapet syner manglande interesse for dei pårørande.

– Me tok ei avgjerd på at kontakten med dei etterlatne skulle gå gjennom Aker Kværner. Dei har ein mykje større kompetanse på dette feltet enn kva me har. Om det var ei feilvurdering, så er eg veldig lei meg.

Arge understrekar at han ikkje ønskjer å dytta ansvaret over på Aker Kværner.

– Nei, på ingen måte. Me ønskjer – om det er mogeleg – å stilla oss hundre prosent til rådvelde for dei pårørande, og hjelpa til så godt me kan.