— Kombinasjonen av ein relativt stor dose insulin, eit lett måltid fiskekaker og inntak av sprit gjer det sannsynleg at tiltaltes blodsukker har vore lågt minst fram til tidspunktet for ulukka, opplyste legespesialist Pål Holm då han vitna for Sogn tingrett i går ettermiddag.

Diabetes er ein sjukdom som gjer at blodsukkernivået blir for høgt. Insulin blir brukt for å få ned nivået av sukker i blodet. Dersom blodsukkernivået blir for lågt, opptrer den relativt upresise tilstanden føling.

Mannen som er sett på tiltalebenken i den spesielle bildrapsaka, hadde i tillegg drukke alkohol. Dette reduserer den naturlege sukkerproduksjonen i levra.

Vanskeleg sjukdom

Den tiltalte mannen i 60-åra seier han ikkje hugsar noko frå klokka 14 til 22 ulukkesdagen. Like før klokka 19 køyrde han på ein møtande bil med fire kvinner mellom Årdalstangen og Øvre Årdal. To av dei døydde, dei to andre fekk store skader.

— Det er ikkje usannsynleg at hukommelsestapet han hevdar å ha hatt, er knytt til lågt blodsukkernivå, sa Holm.

Han meiner sunnfjordingen må ha hatt ei rekkje episodar med føling siste åra. Pasientar som opplever føling mange gonger, får redusert evne til å merke symptoma.

— Han har sannsynlegvis hatt svekka evne til å kjenne at blodsukkeret er lågt. Dermed blir han dårlegare og dårlegare til å merke varsel kroppen sender ut før han får føling, forklarte Holm.

Han forklarte at diabetes er ein svært vanskeleg sjukdom å behandle. Dei fleste er samde om at behandlinga bør utførast av spesialistar ved eit sjukehus.

Russisk rulett

Tiltalte har berre vore på sjukehus ein gong for lidinga. Det var tidleg på 90-talet. I tillegg har han vore eit halvt dusin gonger til primærlegar i Årdal der han jobba og sunnfjordkommunen der han hadde bustadadresse. Bortsett får det har han førsøkt å «stille inn» insulinmengda sjølv.

— Han manglar kunnskap om sin eige sjukdom. Det han har gjort er å spele russisk rulett. At det ikkje har skjedd noko alvorleg med han sjølv, er ei Guds lukke, sa den medisinsk sakkunnige.

Forsvarar Jan C. Dyngen ville vite om Holm kunne seie noko om mannen ville vere i stand til å vurdere eigne handlingar når han hadde føling.

— Det er sannsynleg at han ikkje er i stand til å vurdere kritisk kva som vil vere korrekt å gjere. Vi snakkar om ein situasjon der medvitet er nedsett, sa Holm.

Det meinte derimot ikkje Terje Andersen, psykiatrisk sakkunnig i rettssaka:

— I den forstand straffelova definerer det å vere medvitslaus, har han ikkje vore det. Han har verken vore fullstendig bevisstlaus eller hatt sterkt nedsett medvit, sa Andersen.

Jus kontra helse

Psykiatrispesialisten frå Bergen har vore sakkunning i eit utal rettssaker. Han byggjer sin konklusjon på fakta og vitneobservasjonar. At tiltalte har svart relativt relevant på spørsmål som er stilt til han, og at han har greidd å køyre bil, indikerer at han har vore bevisst.

Derimot stilte Andersen få spørsmål ved tiltaltes forklaring om at han ikkje hugsar noko.

— Den store alkoholmenga i blodet og eit lågt blodsukkernivå er både kvar for seg og saman nok til å gjere at han ikkje hugsar.

Andersens konklusjonar i vitneboksen fekk hans sakkunnigkollega Holm til å stille spørsmål:

— Med det vi veit om denne sjukdomen, er ikkje ei så streng tolking av det å vere medvitslaus eit hardt signal å sende diabetespasientar?

— Det blri mei reit spørsmål om jus enne helse. Det er dette straffelova legg opp til, var svaret.

I dag er det prosedyrar i rettssaka i Sogndal.