— I eit utlendingspass står det trykt at dokumentet ikkje kan brukast til å reise til heimlandet vedkommande har flykta frå. Elles er det ingen avgrensingar frå norsk side, seier informasjonsrådgjevar Are Sauren i Utlendingsdirektoratet (UDI).

Somalisk statsborgar

Han ønskjer ikkje å kommentere kva slags opphaldsløyve eller pass 35-åringen har, men Bergens Tidende veit at mannen kom til Noreg i 2001, og at han etter kvart vart tilkjent opphald på humanitært grunnlag.

Passet han fekk, gjorde at 35-åringen kunne reise fritt, både innanfor Schengen-systemet og for eksempel til Afrika. Det er også lite sannsynleg at forbudet mot reiser til Somalia vil ha hatt praktisk betydning, dersom mannen først har tatt seg til eitt av nabolanda.

35-åringen er framleis somalisk statsborgar, og difor underlagt dei same visumreglane som andre somaliarar. Men dette vil ha betydd lite, så lenge han ikkje har prøvd å reise til USA eller andre land utanfor Europa med krav til visum for somaliarar.

Hadde god tid til flukta

Politiet ville i går ikkje kommentere om dei meiner å vite kvar mannen oppheld seg, eller om dei har grunn til å tru at han er reist til utlandet.

Nå som mannen er sikta, vil politiet få tilgang til passasjerlister frå alle fly ut av landet i det aktuelle tidsrommet. Dei kan også granske alle rørsler på bankkontoen og all bruk av mobiltelefon og bankkort.

Det er eit faktum at den drapssikta har hatt god tid til å kome seg ut av landet, dersom han har prøvd. Mannen gjekk av bussen i Oslo fredag morgon. Først i helga gjekk det ut melding over politets Schengen-system om at norsk politi var på utkikk etter han som eit viktig vitne. Meldinga om at han må pågripast, fordi han er sikta i ei drapssak, gjekk ut i går ettermiddag. Då var det gått fire og eit halvt døgn sidan drapet.

Ingen utleveringsavtaler

Den somaliske mannen skal tidlegare ha besøkt heimlandet sitt, trass i at han ikkje hadde lov til dette. Dersom han har reist dit også nå, og norsk politi skulle greie å spore han opp der, vil dei truleg få ein tung jobb med å få han utlevert.

Det finst ingen bindande utleveringsavtaler mellom Noreg og Somalia. Og uansett er det svært uvanleg at eit land utleverer sine eigne borgarar: I Noreg er det for eksempel lovfesta at nordmenn ikkje kan utleverast til land utanfor Norden.

— Vi har aldri hatt utleveringssaker mellom Somalia og Noreg, så vi har ingen erfaringar i så måte, seier rådgjevar Hanne Solheim i Justisdepartementet.

Held attende namn

Opphaldsløyvet til 35-åringen må fornyast årleg dei tre første åra, men dette er i praksis rein rutine.

UDI ville i går ikkje opplyse kven som var advokat for 35-åringen då han kom til Noreg.

— Vi har bestemt oss for å halde dette attende, etter å ha rådført oss med politiet, seier informasjonsrådgjevar Are Sauren i UDI.