• Eg hadde nevane fulle av tarmar. Han hadde skore hol på buken min. Odd Jarle Rinde (55) frå Leikanger blei knivstukken av den somaliske flyktningen på trikken i Oslo 3. august i år. Legane meiner han er heldig som overlevde.

EVA RØYRANE

— Eg hugsar at eg lurte på om eg kom til å overleva dette. Men smerte merka eg ikkje der og då, fortel Odd Jarle Rinde til Bergens Tidende.

I fem døgn svevde forskalingssnikkaren mellom liv og død på Ullevål Sykehus.

På veg heim

Det var om ettermiddagen det skjedde. Han var på veg heim frå jobben, sat på trikken slik han hadde for vane på den tida, skulle gå av på neste trikkehaldeplass ved Bislett.

Plutseleg var trikken eit einaste kaos av blod, livredde folk som skreik, folk som rømde bakover i vogna. Alle prøvde å koma unna mannen som angreip.

— Sjåføren fekk stansa trikken og opna dørene, mange greidde å koma seg ut. Eg sat ved vindauget midt i den andre av tre vogner og var innesperra, fortel Rinde.

— Kollegaen min, som sat ved sida av meg, greidde så vidt å svinga seg unna og ut døra. Han berga seg, eg fekk to alvorlege knivstikk, eit i brystet og eit lengre nede på venstre sida.

— Men kniven han brukte, såg eg ikkje. Eg trur eg var den siste som vart stukken og dei seier eg var den siste som kom ut av trikken. Utafor fekk eg hjelp til å leggja meg ned på asfalten.

Miste tre liter blod

Det tok ikkje lang tid før ambulansane kom. Rinde var medviten til han kom til sjukehuset og blei lagd i narkose. Då hadde han mista tre liter blod.

Han seier han la merke til mannen som kom på trikken nede i byen.

— Plutseleg var han i full gang med kniven. Du kan vel tenkja deg panikken som oppstod.

I fem døgn låg Rinde på sjukehus utan å hugsa noko.

— Dei seier eg låg i respirator. Legane meiner heldigvis at eg skal bli bra. Men eg har skikkeleg hardangersaum på brystet og på magen.

Vekependlaren er framleis sjukmeld. Og han har tenkt å slutta å pendla til Oslo på jobb. Overfallet på trikken har sett ein støkk i han.

Tryggare i Leikanger

— Sidan eg vakna på Ullevål, har det skjedd liknande ting kvar einaste veke, det er skremmande. Eg kjenner meg litt tryggare her heime, heldigvis har arbeidsgjevaren min, Veidekke, ei vestlandsavdeling som eg kan få jobba i når sjukmeldingsperioden er omme, seier Rinde, som i alle fall er sjukmeld ut oktober.

I tre veker låg Rinde på sjukehus, lengste tida på Sentralsjukehuset i Førde.

Ein 23-åring blei drepen, fleire andre skada under knivstikkinga av flyktningen frå Somalia som viste seg å vera ein nyleg utskriven psykiatrisk pasient. Han hevdar at han ikkje hugsar noko av det som skjedde.

— Det seier dei alle saman, eg trur dei hugsar meir enn dei vil vera ved, seier Rinde. Han seier at han er blitt meir skeptisk til innvandrarar etter det han har opplevd.

SKAL BLI FRISK: Legane meiner Odd Jarle Rinde(55) skal bli frisk. - Men eg har skikkeleg hardangersaum på brystet og på magen.
ARNE EITHUN, NRK