Reiseleiar for dyra — eit 20-tals froskar og øgler, to krokodiller og ein salamander - var italienaren Modesto Veccia. Følget var på veg til Akvariet i Bergen, der dei skulle visast fram i ei stor regnskogutstilling i februar 2002. Fordi det norske vinterklimaet er i hardaste laget for tropiske artar, var Veccia redd dei skulle fryse i hel på turen frå Hanstholm til Bergen.

— Han har forklart at han sat med krokodiller og froskar i dusjen inne på lugaren, sa aktor Helge Vigerust i Bergen tingrett i går.

På internasjonal verneliste

Problemet med dyretransporten var at reisepapira på ingen måte var i orden. På tiltalebenken i Bergen tingrett sit Stig Sægrov, den gongen direktør ved Akvariet i Bergen. Han er tiltalt for ulovleg import av ei lang rekke dyr - både slangar, krokodiller, froskar, øgler og ein salamander. Til saman handlar det om 20 artar frå den såkalla Cites-lista over utryddingstruga artar. Slike dyr skal vere utstyrt med eigne Cites-dokument når dei blir frakta over landegrensene, for å forhindre ulovleg fangst og handel med dei truga artane.

Sægrov er også tiltalt for å ha tatt inn 43 artar utan nødvendige løyve frå Direktoratet for Naturforvalting (DN) - deriblant ei kubakrokodille, ein dødshoggorm, ein kongeboa og ein orientalsk flammebukfrosk.

Skuldar på italienar

Sægrov nekta all skuld då saka mot han tok til i går. Det er semje om at dyra vart tatt inn til Bergen, det springande punktet er kven som har ansvaret for å skaffe dei nødvendige godkjenningane.

To utstillingar ved Akvariet i Bergen står sentralt i saka: Ei utstilling av giftige dyr - først og fremst slangar - som opna i februar 2001, og regnskogutstillinga året etter.

Dyra til begge utstillingane vart levert av det italienske selskapet Asklepios og Modesto Veccia.

— Eg tok for gitt at Veccia hadde ordna med dei nødvendige papira, sa Sægrov i retten, og viste til kontraktane som var inngått.

I eit intervju med BT hausten 2002 gjekk Veccia god for denne framstillinga, og sa seg lei for at Sægrov hadde hamna i trøbbel på grunn av hans synder. Politiet ser annleis på det, og meiner Sægrov hadde det overordna ansvaret.

Åtte kreperte på toget

Slangeutstillinga var ei vandreutstilling leigd inn frå Asklepios, og gjekk etter nokre månader i Bergen vidare til Oslo, Gjøvik og Trondheim. Agent for utleiga til dei andre norske musea var Akvariet i Bergen og direktør Sægrov. Dei var også med og organiserte montering av bur og transport av dyra.

Det siste var ikkje alltid like enkelt: På turen frå Gjøvik til Trondheim kreperte åtte slangar.

— Sægrov hadde dei med seg på toget. Då vi skulle pakke dei ut, var ganske mange døde. Sægrov meinte det var fordi ein av dei store giftslangane hadde bæsja i kassen på Gjøvik. Det tolte dei visst ikkje, sa dyrepassar Ulf Joachim Ekeli ved Akvariet då han vitna i retten.

Av i alt 40 slangar meiner politiet 11 rauk med i løpet av Noregs-turneen.

Kvar resten av dei ulovleg importerte dyra har hamna, er uklart. Ein del er framleis ved Akvariet i Bergen, andre er avliva, atter andre manglar politiet oversikt over.

FEBRUAR 2002: Då den ulovleg importerte kubakrokodilla kom til Bergen, passa ho godt i neven til Akvariet-direktør Stig Sægrov. ARKIVFOTO: TOR HØVIK

FEBRUAR 2002: Då den ulovleg importerte kubakrokodilla kom til Bergen, passa ho godt i neven til Akvariet-direktør Stig Sægrov. ARKIVFOTO: TOR HØVIK