Etter tilsyn med heimetenesta i Osterøy kommune kjem det fram både systematisk svikt i eksisterande system og manglande kvalitetskontroll i heimetenesta for dei eldre i kommunen.

  • Journalar er ikkje oppdaterte.
  • For dårleg opplæring av personellet i heimetenesta.
  • Rutinar manglar for å avdekkje ernæringssvikt og demens.
  • Dei pleietrengande har for liten innverknad.
  • For mange tenesteytarar er involvert i stell av dei pleietrengande.

Eit av eksempla Helsetilsynet peikar på i rapporten, er at opptil 27 ulike tenesteytarar kan vere involvert i stellet av ein pleietrengande i heimen i løpet av ei veke.

Dette får Helsetilsynet til å skrive at «manglande styringssystem bidreg til å svekkje tryggleiken i tenestene». Sagt på ein anna måte: tryggleiken til dei eldre er for dårleg.

Redusert tryggleik

I visse tilfelle har det gått for lang tid å avdekkje næringssvikt og demens hjå pasientane. Endring i helsetilstand er oversett og behandling er dermed sett i gang seint.

I tilsynsrapporten skriv Helsetilsynet mellom anna at «pasientar som har hatt tilsyn dagleg frå heimesjukepleia har vore dehydrerte og/eller har hatt synleg vekttap innan tiltak blei sett i verk».

Tilsynet konkluderer med at Osterøy kommune ikkje har «skriftlege rutinar for å ivareta pasientane sine grunnleggjande fysiologiske behov som tilstrekkeleg næring (mat og drikke)».

I halvparten av journalane som blei gjennomgått ved tilsynet, går det fram at pasientane anten har hatt redusert allmenntilstand, dårleg matlyst, redusert korttidsminne, vekttap eller problem med å drikke nok. Ikkje i ein av journalane til dei ni pasientane var det opplysningar om planar eller tiltak som var sett i verk for å følgje, eller betre næringstilstanden.

– Legg oss flat

Ein ferierande Osterøy-ordfører var ikkje kjend med tilsynsrapporten då BT kontakta henne.

– I forhold til kritikken som kjem fram i tilsynsrapporten må vi sjølvsagt leggje oss helt flat. Dette skal ikkje skje, seier ordførar Kari Foseid Aakre (Ap).

Ho lover å skaffe seg eit eksemplar av tilsynsrapporten med det fyrste.