I Odda som i andre kommunar har verksemder som har kjøletårn plikt til å melda frå om det til kommunen. Inntil nyleg var det heilt ukjent for smittevernlege Steinar Jacobsen at sinkprodusenten Boliden Odda, tidlegare Norzink, hadde 11 slike kjøletårn.

— Me har no hatt kontakt med installasjonsfirma om mulege anlegg i vår kommune. Vi veit at Norzink har 11 slike anlegg. Eitt av dei er ei potensiell smittekjelde for legionella dersom ein ikkje har tilstrekkelege rutinar for vedlikehald og reinhald, seier Steinar Jacobsen, smittevernlege i Odda kommune.

— Kvifor har ikkje verksemda meldt frå?

— Det må du spørja Norzink om.

— Kva synest du om at dei ikkje har teke kontakt?

— Eg tek det til etterretning. Dette er eit heilt nyinstallert kjøletårn og me kjem til å evaluera det skikkeleg, seier Jacobsen. I følgje smittevernlegen er dei andre kjøletårna industrielle kjøletårn som det går sterke syrar gjennom. Dei er ikkje knytt til smittefare.

Ved Boliden Odda har dei lita tru på at kjøletårnet kan representera nokon fare fordi det går ein del sinksulfat i oppløysinga.

— Me trur ikkje bakterien kan trivast der, men det er ikkje godt å vite, seier Kjetil Børve, leiar for prosessteknikk ved Boliden Odda. Han vil difor sørga for at kjøletårnet blir rapportert inn til kommunen og testa for bakteriar.

— Kvifor har de ikkje meldt frå til kommunen før?

— I 20-30 år har me hatt prosesskjøletårn med sinksulfat og svovelsyre i løysinga. Me har aldri sett antydning til noko organisk liv i krinsane. Sink er eit desinfiseringsmiddel. Difor har det aldri vore kontrollert, seier Børve.

Stord kommune har gjort liknande undersøkingar hos leverandørar av kjøletårn. I følgje smittevernlege Odd Winge har kommunen ikkje fått melding om nokon anlegg på Stord.