Med 36 daglege ferjeanløp og 16 snøggbåtanløp på Ranavik vil mange hevda at HSD trass alt har ein positiv ulukkesstatistikk i området. Likevel er det fire ulukkelege hendingar for mykje. Etter «Sleipner»-katastrofen på Sletta i 1999 påfører kvar einaste hending, som med «Baronessa» sist måndag, HSD nasjonal negativ merksemd.

Sidan søsterferjene «Fitjar» og «Ulvik» kolliderte i maksvêr like utanfor det tronge Litlasvinøysundet 16.april 1999, har HSD-ferjene hatt konsekvent varslingsplikt når dei kjem ut frå Ranavik-kaien. Slik plikt har ikkje snøggbåtane.

Varslingssvikt

«Ulvik»-kapteinen vedgjekk i sjøforklaringa at den innkomande ferja ikkje blei varsla av det utgåande fartøyet. I tillegg til ei berre 50 meter brei farlei må skip gjera ein 90 graders sving bak eit høgt nes for å koma til og frå Ranavik kai frå nordvest. I kollisjonen fekk «Ulvik» ei fire-fem meter lang flengje i sida, men ingen menneske eller bilar kom til skade.

Mest furore skapte ei oppsiktsvekkjande HSD-manøvrering ved Sunde ferjekai om morgonen 7.november 2002. Ifølgje vitne var MF «Os» heilt opptil både bustadhus, båtfeste og vassleidningar på Sunde-sida av Opsangervågen.

Folkehumor

Mannskapet på fem blei sparka, fire av fem testa positivt på promilletesten. To navigatørar — som no fører ankesak for Gulating lagmannsrett - fekk i tillegg fengselsstraff på vilkår, saman med to matrosar fekk dei også bøter.

«Os»-episoden, som så å seia gjekk i reprise med same ferje på Austevoll knapt eitt år seinare, resulterte i omfattande vitsing på sms og revyscene. Folkehumoren skal på ny ha fått ny næring etter «Baronessa»-kapteinen si ufrivillige landsetjing måndag kveld.

<b>UREINT FARVATN:</b> Med fire alvorlege skipsuhell på fem år har farvatnet mellom Sunde og Halsnøy skapt masse hovudbry for HSD.
Rune Sævig