- Vi vil høyra kva handgrep HSD har tenkt å ta for å koma til botnar i dette problemet, i den grad det er eit problem, seier nyutnemnt assisterande direktør i Sjøfartsidrektoratet, Sigurd Gude til Bergens Tidende.

Det er HSDs konserndirektør Dagfinn Neteland, direktør Geir E. Aga i HSD Sjø og rutelagets ferjedivisjonssjef Bent Martini som må ta turen til Oslo. Framfor sjøfartsdirektør Rune Teisrud, assisterande direktør Gude og underdirektøren i direktoratets inspeksjonsavdeling må dei forklara HSDs arbeid for ei betre haldning til rusmiddel.

Møtet skjer fire dagar etter at tre mannskap på MF «Os» mista jobben i HSD etter å ha blåst raudt på alkotest før rutestart i Austevoll, og fire dagar etter avsluttinga av rettssaka i Sunnhordland tingrett, der fem tidlegare mannskap på MF «Os» stod tiltalte etter brot på alkoholreglementet i HSD i november i fjor.

- Vi vil også ha på bordet opplysningar om HSD eventuelt legg opp til nye rutinar på dette området, slik at vi kan få vurdert om vi skal «bevege på oss», seier Sigurd Gude, som ikkje er kjent med at Sjøfartsdirektoratet har kalla inn ruteselskap på denne måten tidlegare.

- I direktoratet er vi like sjokkerte som leiinga i HSD over dei siste regelbrota, seier Gude.

HSD er eitt av landets største private trafikkselskap. Berre ferjedivisjonen siponerer 28 fartøy, som transporterer 3,3 millionar bilar og 7,2 millionar passasjerar i året. HSD-ferjene sin omsetnad er på knapt 400 millionar kroner.