OVE A. OLDERKJÆR Advokat Valen innleia i Sunnhordland tingrett i går med å seia at «Sleipner»-ulukka for alltid har kasta ein mørk skugge over HSD. Det var uverkeleg og tragisk også for selskapet, sa Valen, som la til at HSD må akseptera kritikk.

Deretter tilbakeviste han punkt for punkt skuldingane mot reiarlaget som Riksadvokaten og aktor framfører gjennom tiltalen. Tiltalen er i stor grad bygd på feiltolkingar, ifølgje HSD-forsvararen.

— Styresmaktene sitt ansvar

Svein Aage Valen gjorde det innleiingsvis klart at internasjonale skipskonvensjonar bind kvar stat som ratifiserer avtalane, ikkje reiarlag eller enkeltindivid. Med andre ord er det styresmaktene, i dette tilfellet Sjøfartsdirektoratet, som har ansvar for at kvalifikasjonsbevis og opplæringsplanar er i orden.

— Direktoratet godkjenner og klarerer ned til minste detalj når det gjeld både bygging og operasjon av skip, sa Valen.

Pårøranderepresentant Tove Følid registrerer at HSD skyv ansvar frå seg, ho reknar med at aktor Eirik Stolt-Nielsen seinare i saka vil riva i stykke Valens argumentasjon.

Vitneavhøyr av mannskap, leiande personell i HSD og representantar for Sjøfartsdirektoratet og utstyrsleverandørar vil seinare i rettsforhandlingane kasta lys over tiltalepunkta som aktorat og forsvarar er usamde om.

Påstand mot påstand

Slik står frontane når det gjeld HSD og påtalemakta sine ankepunkt mot reiarlaget i «Sleipner»-saka:

n HSD gav ikkje «Sleipner»-mannskapet god nok sikkerhetsopplæring, meiner aktor.

HSD-forsvarar: Selskapet hadde eit driftssystem operativt - deriblant gjennomgang av driftshandbok og sikkerhet - godkjent av Sjøfartsdirektoratet.

n Mannskapet fekk ikkje formell opplæring, praktisk prøve eller utsjekk om bord i aktuell fartøytype trass i at fartøyet var nytt og spesialkonstruert, meiner aktor.

HSD-forsvarar: «Draupner» og «Sleipner» var ikkje nye fartøytypar som kravde særleg, offentleg godkjent opplæring. HSD gav mannskapa naudsynt opplæring gjennom kollegavising.

n Ingen av mannskapa hadde i driftsperioden fått kvalifikasjonsbevis for fartøymodellen, meiner aktor.

HSD-forsvarar: Navigatørar med offentleg godkjent snøggbåtkurs og kursbevis trong ikkje nytt bevis for tilsvarande propelldrivne toskrogsbåtar i HSDs ruteområde.

n Aktor: Cateringpersonalet hadde ikkje gått gjennom sikkerhetskurs, trass i at ein eller to av desse gjekk inn i sikkerhetsbemanninga.

HSD-forsvarar: HSD hadde rutinar for kursing av alt cateringpersonale, og overgjekk krava til sikkerhetsbemanning.

n Det var ikkje laga rutinar eller gitt opplæring slik at navigatørane kunne handtera alle navigasjonsinstrument, meiner aktor.

HSD-forsvarar: Navigatørane hadde utan tvil den kunnskapen som kravdest for sikker navigering.

n Mannskapet hadde ikkje fått opplæring i bruk av fartøyet sitt evakueringssystem, meiner aktor.

HSD-forsvarar: Sjøfartsdirektoratet la til grunn at tilstrekkeleg test var gjennomført. Det var gitt seks månaders frist for gjennomføring av hardtvêrstest. HSD følgte normene, sjølv om desse kan diskuterast.

n Aktor: Det blei i driftsperioden ikkje gjennomført tilstrekkeleg omfattande evakueringsøvingar som avdekte eventuelle manglar ved utstyr, prosedyrar og mannskapets kunnskap om dette. Ingen hadde hatt på seg overlevingsdraktene før ulukkeskvelden. Ingen hadde sett redningsflåtane i praktisk bruk.

HSD-forsvarar: Normen frå styresmaktene var oppfylt. Det blei øvd i forhaling av flåte ved hjelp av lettbåt, endringar blei gjennomført etter framlegg frå navigatørane. Det som skjedde ulukkeskvelden hadde ingen ting med manglande opplæring å gjera.

ADVOKAT: Svein Aage Valen.
FOTO: TOR HØVIK