Buss-blottaren har spreidd frykt på ruta mellom Strandebarm og Norheimsund, som også fungerer som skulebuss for elevar i den vidaregåande skulen.

Mannen bur på asylmottaket i Strandebarm, og tek bussen til norskundervisning i Norheimsund tre dagar i veka. Fleire gonger skal han ha blotta seg for skulejenter på bussen, og klådd på nokre av dei. Fleire jenter har meldt mannen til politiet.

— Han er arrestert, avhøyrt og lauslaten. Saka er sendt til påtalemessig avgjerd. Får vi fleire klager på mannen, må vi treffe nye tiltak, seier konstituert lensmann i Kvam, Samson Håland, som legg til at «dette er inga stor sak».

Nektar blottaren å stige på

Men etter det BT forstår er skulejentene redde, fordi mannen framleis dukkar opp på bussen.

— Situasjonen er forferdeleg ubehageleg. Ei av dei torer ikkje ta bussen utan å ha med seg venninner, mens ei anna har fortald at ho overnattar i Norheimsund dei dagane ho veit at han er på bussen, seier ein bussjåfør, som køyrer ruta regelmessig.

Sjåføren vil ikkje ha namnet sitt på trykk, men fortel at han ved eit høve har kasta mannen av, og sidan har nekta han å gå på bussen. Mottaket på si side har tatt kontakt med HSD, og bede om at mannen framleis kan få følgje bussen til Norheimsund. Saka er blitt diskutert blant sjåførane på ruta.

— Vi har fått beskjed frå avdelingskontor om at vi har rett til å avvise han. Men nokre sjåførar veit ikkje korleis mannen ser ut, seier sjåføren til BT.

- Ekstremt sjeldan situasjon

Informasjonssjef Arild Sondre Sekse stadfestar at mannen kjem til å bli nekta på HSD-bussen inntil vidare.

— Vi kan ikkje sjå på at våre passasjerar opplever slikt. At dei føler seg trygge, er regel nummer ein for oss. Politiet har gitt oss støtte i at vi kan avvise mannen, og det vil vi gjere inntil vi får ei varig løysing på bordet. Vi skal gjere våre sjåførar kjende med kven han er, seier Sekse.

— Kor lenge er «inntil vidare»?

— Å nekte ein passasjer for all framtid er vanskeleg. Det kan vi ikkje gjere utan å ha ein klar heimel for det. Vi vil rådføre oss med politi og mottak for å finne ei konstruktiv løysing. Det er ekstremt sjeldan at slike situasjonar oppstår, og denne saka har ikkje noko fasitsvar.

Møte i dag

I dag skal partane møtast for å diskutere saka. Leiar ved Kvam statlege mottak, Synnøve Lid, ønskjer ikkje å kommentere den konkrete saka.

— Men generelt vil eg seie at dersom det blir gjort lovbrot av einskildpersonar på mottaket, er det viktig at dette blir meldt til politiet - på linje med resten av befolkninga, seier Lid til BT.