Eit uformelt møte for å høyra kva tankar danskane har om ruta, opplyste administrerande direktør i HSD Sjø, Geir E. Aga på rutemøtet på Stord fredag.

HSD ser svart på framtida til Flaggruten dersom andre selskap kjem inn på ruta mellom Stavanger og Bergen. Ei arbeidsgruppe vurderer no om det 30 år gamle rutetilbodet skal leggjast ned dersom ikkje trafikkutviklinga blir betre.

— Molslinien har sagt at dei er interessert i norske samarbeidspartnarar. Eg forstår dei slik at HSD ikkje er uinteressant i så måte, seier Geir E. Aga til Bergens Tidende.

Molslinien har snøggbåtar som gjer 40 knop og kan ta med bilar. Selskapet var klar til å starta opp så snart råd med ledig materiell på Vestlandet. Men no kan oppstarten truleg ikkje skje før tidlegast i 2005, ettersom Molslinien har fått eit attraktivt tilbod om å trafikkera Den engelske kanalen med den ledige tonnasjen.

321.278 passasjerar reiste med Flaggruten i 2003, vel to tusen fleire enn året før. Det er eit skuffande tal for HSD, som med eit utvida rutetilbod frå 1. mai i fjor håpa på ein langt sterkare trafikkauke. Den usubsidierte ruta går no i minus.

Svikten for Flaggruten er eit nesten like stort vonbrot for HSD som Hordaland fylkesting sitt vedtak før jul om å konkurranseutsetja all snøggbåtdrift i Hordaland frå 2006.

Dermed har HSD ein sikker driftshorisont på berre to år, og vågar ikkje fornya snøggbåtflåten. I Sunnhordland var det håp om nykontraheringar alt i vinter, og snøggbåtavgang mellom Stord og Kvinnherad ein gong i timen.

— Med den korte horisonten er det uråd å gjera endring i rutetilbodet, når ingen ting skal nedprioriterast, sa Geir E. Aga til skuffa utsendingar frå Sunnhordland-kommunane på rutemøtet.

— Kva er vitsen med rutemøte når det ikkje er råd å endra noko? repliserte Stord-ordførar Magne Rommetveit.

— Vi legg flåtefornying til grunn når vilkåra for snøggbåttilbod blir sendt ut, sannsynlegvis i løpet av året, sa samferdslesjefen i Hordaland, Magnus Vestrheim.