OVE ARNE OLDERKJÆR Stord

Etter promilleavsløringa på MF «Os» sist torsdag har det teke heilt av, ifølgje hovudtillitsvalt for Sjømannsforbundet i HSD, Jakob Utne.

— Mange fortel meg at dei kvir seg for å seia kvar dei arbeider og for å gå på jobb. Mange føler seg såra, og eg vil oppmoda folk til å tenkja seg om og visa omsyn, seier Jakob Utne til Bergens Tidende.

Frifinninga i «Sleipner»-saka var ei gledeleg overrasking for HSD. Men dommen druknar i skandaleomtalane av MF «Os» si ferd langs fjæresteinane på Sunde og av overfylte MS «Draupner».

Mobbinga av ferjemannskap fekk eit slikt omfang at hovudtillitsvalt Utne fann det rett å reisa til Kvinnherad for å snakka med medlemmer om problemet.

— Det er på tide at denne sida av saka blir belyst, seier sekretær i Sjømannsforbundets HSD-klubb, Marianne Halseth til avisa Kvinnheringen.

Forbundet har rundt 350 matrosar, billettørar og restauratørar i HSD, som er eitt av landets største ruteselskap.

Matrosar og billettørar er blant dei som må ta imot flest kommentarar frå dei reisande. «Er dei edrue der oppe på brua?» er spørsmålstypar som dei blir konfronterte med. I tillegg blir SMS-meldingar som «En liten fest er bare kos, hilsen oss på MF Os» formidla frå mobiltelefon til mobiltelefon.