Ferjemannskapet gløymde rett og slett at det stod bilar under dekk då dei låg til kai på Hatvik i Os.

I staden for å køyre i land som planlagt, fekk bilistane seg ein ufrivillig ekstratur på fjorden, i retning der dei kom frå; Venjaneset.

— Det gjekk visst litt for fort for mannskapet. Tabben vart oppdaga raskt, og ferja snudde straks og la til att for å sleppe dei av, seier informasjonssjef Arild Sondre Sekse i HSD.

Kapteinen har forklart glippen med at det var stor trafikk, og at dei var litt seine i ruta allereie.

— Slikt skal likevel ikkje skje, og kapteinen var den første til å seie seg lei for det som hende, seier Sekse.