Den ombygde ferja bukka under ved kai i storm 26.oktober i fjor, og har sidan hange i fortøyningane dels på botnen av Kanalen i Moss hamn.

Sjå video av den havarete ferja hos Moss Avis | Sjå video av ferja i drift nederst i artikkelen Ifølgje ferjekjennarane Otto Ersland og Harald Sætre kunne dette blitt den første av samtlege HSD-ferjer gjennom tidene som gjekk dukken.

Men no er det rusta irritasjonsmomentet ved terminalen for Bastø-ferjene heva og overteke av ein tidlegare eigar av restaurantbåten. Han seier til bt.no at båten skal reinskast før den vidare lagnaden blir bestemt. Dagens låge stålprisar gjer det mindre attraktivt å hogga opp 45-åringen.

34 ferjer

Med «Folgefonn» som den første i 1938, blei det bygt i alt 34 ferjer til rutelaget som i 2006 blei til Tide. («Folgefonn» nyt for sin del eit pensjonisttilvære som klubblokale på Themsen i London).

Det har kosta bank og forsikringsselskap rundt tre millionar kroner å heva «Lystbåten» — alias «Melderskin». Kjøparen frå Vestlandet får betaling for å overta farkosten, som på ny kan dukka opp som restaurantbåt på Austlandet.

Ei tid var det planar om at den etter kvart så utskjelte båten i Moss skulle søkkjast på djupt vatn og nyttast som øvingsobjekt for dykkarar.

Årsaka til at båten sokk er ikkje klarlagt, men ein teori går ut på at stormbølgene førte vatn inn gjennom kabelhol som var laga i høve restaurantdrifta.

Ankerløkken-båt

«Melderskin» blei levert frå Ankerløkken Verft i Florø i 1963. HSD (Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap) kalla ho opp etter det høgaste fjellet i Rosendal.

Ferja hadde plass til 22 bilar, og gjekk i rutefart i Hardanger, i Kvinnherad, Fjelberg-Utbjoa-Leirvik, mellom Flatråker på Tysnes og Huglo og Jektevik på Stord, og utleigd blant anna til sambandet Bjorøy-Alvøen.

I 1995 selde HSD ferja til Fergekroen AS i Oslo, der ho låg som flytande restaurantbåt ved Aker Brygge I 1996 overtok Skarpsno Driftsselskap den kraftig ombygde båten, i 2000 blei Lysthuset AS i Moss ny eigar og flytta ferja til Østfold-byen, der ho no ber namnet «Lystbåten».

Etter dårlege driftsresultat og fleire eigarskifte har «Lystbåten» dei siste åra lege med mangefullt vedlikehald som eit trist syn ved Bastøterminalen.

Lokalt engasjerte mange seg for å få fjerna fartøyet også før havariet 26.oktober i fjor.

Jon-Ivar Fjeld, Moss Avis
INGEN SERVERING I DAG: «Lystbåten» etter hevinga.
Jon-Ivar Fjeld, Moss avis
REDNING: Her blir den havarerte ferja heva.
Jon-Ivar Fjeld, Moss avis
Jon-Ivar Fjeld, Moss Avis
Harald Sætre
Harald Sætre