EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bergens-tidende.no— Eg har stor forståing for at den største eigaren ønskjer reell makt i selskapet, seier Jakob Bleie, som i går vart vald til ny styreformann i Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Opnar for endringar Storaksjonæren Folke Hermansen og Rogaland Trafikkselskap eig 42 prosent av aksjane i HSD, men har hittil vorte haldne borte frå styrerommet ved hjelp av spesielle stemmerettsreglar.Dette kan det bli endringar på, etter signala frå den nye styreformannen å dømme. - Eg vil ikkje spekulere i korleis vi skal betre forholdet til Rogaland Trafikk. I dag har vi ganske strikse stemmerettsreglar. Dei må vi forhalde oss til inntil desse eventuelt blir endra, seier Bleie. - Kan det bli aktuelt å endre dei? Forsoningsmøte - Det vil eg ikkje seie noko om no. Men eg forstår godt at Hermansen ønskjer reell makt, seier Bleie.Han varslar at han straks vil invitere Folke Hermansen til eit møte med HSD-styret for å drøfte korleis isfronten kan brytast.- Vi må få til ein konstruktiv dialog og normalisere forholdet, seier Bleie.Han vil ikkje seie eit vondt ord om at Rogaland Trafikkselskap pressar igjennom ei ekstraordinær generalforsamling innan ein månad. Kravet om ei brei gransking av HSDs disposisjonar dei siste åra kritiserer han heller ikkje.- Det er ein rett dei har som storaksjonær, seier Bleie. Flaggruten til vurdering Styreformannen er opptatt av at HSD må slutte å tape pengar, og at dei må kome vidare etter "Sleipner"-katastrofen. Han varslar at mange sider ved drifta må gåast igjennom - blant anna Flaggruten mellom Bergen og Stavanger, som i fjor gjekk med eit tital millionar kroner i minus.- Trekantsambandet og Rennfast i Rogaland er to av prosjekta som vil endre reisemønsteret i distriktet. Framtida til Flaggruten er det viktigaste eksemplet på kva vi må vurdere dei kommande månadane, seier Bleie.

Les også: Krever ekstraordinær generalforsamlin - HSD har misbrukt vedtekten Støtte hos de ansatte Jakob Bleie ny HSD-formann

VIL SAMARBEIDA: Den nye styreformannen i HSD, Jacob Bleie (t.v.), gjorde det straks klart at han vil samarbida med storaksjonæren Rogaland Trafikkselskap, som på gårsdagens møte var representert av Atle Johnsen.