Aga var fredag føremiddag i Sunnhordland tingrett for å foklara seg om vaktordningar og regelverk i samband med dei fem «Os»-mannskapa som fekk sparken etter alkoholinntak kvelden før ruteavgong Leirvik — Ranavik - Sunde 7.november i fjor.

— Ein kan bli rasande av slikt. Særleg når eg føler at vi i HSD har vore veldig tydelege på dette med rus og teneste på båtane våre. Forrige sak var ei veldig belastning på selskapet. Mange følte det trasig å gå på jobb. Slike episodar går på tilliten i marknaden laus. Eg er svært overraska og svært skuffa over at nokon kan gjera slikt mot oss. Nokre tek ikkje lærdom, seier Geir E. Aga.