— Eg ønskjer ikkje å kommentera storleiken på beløpet. Eg kan likevel stadfesta at eg har inngått eit forlik med HSD som eg kan akseptera., seier Nessa til Bergens Tidende.

57-åringen føler no at han har fått oppreising god nok til å leggja saka daud etter å ha fått sparken i HSD. Men det har kosta både tid og krefter.

— I arbeidsrettssaka slo både Bergen tingrett og Gulating lagmannsrett fast at oppseiinga var ugyldig. Dette fekk HSD til å anka til Høgsterett. Då anken vart avvist, spurte dei meg om eg ville ta til takke med jobb på ferjesambandet Skjersholmane - Ranavik - Sunde som styrmann - rett nok til kapteinløn. Dette var totalt uaktuelt for meg, seier Nessa.

Han fortel at han etter det fekk tilbod om å ta hatten sin og gå, med 400.000 kroner i kompensasjon.

— Det takka eg òg blankt nei til; eg såg på det som ein hån. Heldigvis gjekk alt seg til. Etter ein fleire timar lang forhandling i HSD sine lokale, måtte selskapet til slutt ut med eit beløp som er til å leva med, forsikrar Nessa.

— Snakkar me om ein millionsum?

— Nei. Men det er snakk om ein klekkeleg slump pengar, slår han fast.

Jobbtilbod i kø

Sjømannen er svært skuffa over korleis den tidlegare arbeidsgjevaren hans har gått fram i denne saka.

— HSD har vist at dei ikkje eig respekt for ein rettskraftig dom. Det tykkjer eg er trist, seier han.

Nessa er no tilsett som snøggbåtkaptein i Torghatten Trafikkselskap ASA og fører katamaranen MF «Vikedal» i Ryfylke.

— Når reiarlaget startar ruta si mellom Stavanger og Bergen, skal eg inn som skipper her, fortel han.

Sidan grunnstøytinga for snart to og eit halvt år sidan har Nessa hatt jobb heile tida - først i utanriksfart på supply- og seismikkskip for Eidesvik Offshore, og no altså i Torghatten.

— Jobbtilboda har stått i kø heile vegen, og det gjer dei for så vidt framleis, seier han.

- Feil faktum

Nessa sin advokat, Sigmund Z. Bergh, fortel at eit forlik aldri er ein siger for nokon av partane.

— HSD har måtta betala for å sleppa å ta tilbake Nessa som kaptein. Men den verkelege oppreisinga fekk han då rettsapparatet slo fast at han ikkje gjorde noko uaktsamt på brua på «Baronessa». Dette er bevis på at HSD bygde saka si på feil faktum. Likevel må me hugsa at han aldri fekk jobben sin tilbake, påpeikar advokaten.

Informasjonssjef Arild Sondre Sekse i HSD stadfestar overfor BT at det er inngått eit forlik med Nessa.

— Ut over det har me ingen kommentarar til saka. Den har vore handsama på personalnivå internt. Dette har vore vår linje heile tida, seier han.

LAGT HSD BAK SEG: ¿ Akkurat no har eg det så bra som eg kan få det. Tida i HSD har eg heldigvis lagt bak meg for godt, seier Jan Nessa. Her er han fotografert på brua om bord i snøggbåten MF «Vindafjord» i Haugesund tysdag.
Luca Kleve-Ruud