HILDE KRISTIN STRAND

— Me har anka fordi me ønskjer meir innsyn i saka. Me er usikre på om anbodsvinnar har dokumentert godt nok at båten fyller alle tryggleikskrav frå sjøfartsmyndigheitene, seier Arild Sondre Sekse, informasjonssjef i HSD.

— Me lurer òg på om sakshandsaminga har vore slik at alle søkjaranehar vorte vurderte ut frå like strenge kriterium, seier Sekse.

— Kva meiner de med det?

— Det har med utrekningar å gjera, og vert for omfattande å gå meir inn i.

For få dagar sidan vart det klart at HSD ankar avgjersla om at Fjord1 skal få overta drifta på Halhjem-Sandvikvåg.

— Dette er to svært ulike saker, og det er ikkje HSD som har bestemt at dei skulle avgjerast med så kort mellomrom, og òg med så like ankefristar, kommenterer Sekse.

— HSD har fått innsyn i alt dei har krav på, seier Trygve Tønnesen, direktør i BNR.

Det same seier Magnus Vestrheim, samferdselssjef i Hordaland fylkeskommune, til Kystradioen.

BNR vart overraska då dei tysdag fekk vita at HSD no ankar avgjersla.

— Det var ei mengde krav som måtte fyllast for i det heile teke å verta godkjend som søkjar. Me har fylt alle, seier Tønnesen.

— HSD kjempar med nebb og klør, legg han til.

I følgje Tønnesen gjer anken at bygginga av ny båt, som skulle starta i slutten av månaden, må utsetjast.