KJERSTI MJØR

Hordaland Mekaniske Verkstad AS — eller HMV - har sytti år lange tradisjonar i vossebygda. Men no kan selskapet med nær femti tilsette vere historie.

HMV har tapt fleire millionar kroner siste året på to store prosjekt, og leiinga har jobba på spreng for å finne løysingar. Men i går bestemte styret seg for å gå til skifteretten.

— Vi kom ikkje i mål med dei tiltaka vi jobba med, utan at eg vil gå nærare inn på detaljane, seier dagleg leiar Knut Flatlandsmo til BT.

Eit bruprosjekt i California og bygging av ei inspeksjonsvogn for danske Storebælt er årsaker til den økonomiske krisa. USA-oppdraget gjekk med store tap, mens uventa tekniske utfordringar førte til store ekstrakostnader for det andre prosjektet.

Den dyre vogna står i dag uferdig under ein presenning i Granvin. Kontrakten har ein verdi på 26 millionar kroner for HMV, og er ein av dei største i selskapet si historie.

— Men HMV får ikkje betalt før vi har sendt utstyret til Danmark. Det har skapt store likviditetsproblem for oss, seier Flatlandsmo, som likevel er optimistisk når det gjeld framtida for verksemda.

— HMV har ein svært oppegåande produksjon innan industri, taubane og landbruk. Vi meiner det er grunnlag for å halde fram, og håpar at ein potensiell ny eigar vil sjå verdien i verksemda. Dessutan har vi mange lojale, gode kundar, og kan ikkje svikte dei, seier Flatlandsmo.

— Derfor møter alle tilsette opp på jobb i morgon - og truleg på måndag óg.