Tre av vekene er med brev— og besøkskontroll, har Bergen forhørsrett avgjort. 36-åringen erkjenner ikkje straffskuld, og tok betekningstid.

Også ein 32-åring er sikta i saka. Han vart også varetektsfengsla for fire veker. Heller ikkje han erkjenner straffskuld.

Tatt med makt

Kidnappinga skal ha skjedd natt til onsdag. Mennene er sikta for å ha tatt mannen med makt og køyrd han til Bergen. Dei er også sikta for å ha truga mannen, og for å ha påført han fysiske skader.

Dei to mennene har tidlegare vore med i Union MC i Bergen. Ifølgje advokaten deira, Arne Seland i Oslo, er dei to i dag tilknytta Hells Angels (HA) i Oslo.

— Dei to vart pågripne onsdag i 14-tida i bergensområdet. Eg veit ikkje korleis dei stiller seg til skuldingane, og kjenner ikkje detaljane bak siktinga, seier Seland.

— Er dei to HA-medlemmar?

— Dei har ei tilknytting til HA, men kva slag vil eg ikkje svare på, seier Seland. Union MC har klubblokale i Osvegen 16 i Fana. Ifølgje Fana-lensmann Norvald Visnes har dei to mennene fortsatt bustadsadresse der, og politiet valde difor å endevende klubbhuset i går ettermiddag.

— Vi ransaka lokala på jakt etter bevis, seier ein ordknapp lensmann Visnes. Politiet hadde også med seg narkohundar.

Skulda for å vere HA-rekruttar

Union MC er ifølgje politiet nært knytta til Hells Angels. Også i fjor vår gjennomførte politiet ein stort anlagt rassia mot klubblokala. Den gongen beslagla dei hasj, amfetamin, piller og marihuana i huset, og klubben vart skulda for å vere tungt inne i narkotikatrafikken i Bergen. 29 personar vart den gongen pågripne og 14 sikta for ulike brotsverk.

Politiet meiner klubben prøver å bli tatt opp som ei fullverdig HA-avdeling, noko representantar for Union MC har avvist. Det drapsdømte HA-medlemmet Jørn «Jønke» Nielsen frå Danmark var ifølgje Aftenposten på besøk då lokala til Union MC vart innvigde i forfjor.

ý Har flytta for lengst

Ifølgje lensmann Visnes deltok mellom åtte og ti politifolk i ransakinga. Politijuristen som ga ordre om ransakinga, Eli Valheim, ville i går kveld ikkje svare på nokon spørsmål om ransakinga eller pågripingane.

— Mennene vil truleg bli framstilte for varetektsfengsling i morgon, torsdag, seier Visnes.

Advokat Jørgen Riple har tidlegare vore forsvarar for fleire av Union MC-medlemmane, og var i klubblokala i går ettermiddag.

— Politiet veit godt at dei to no bur i Oslo og er med i ein MC-klubb der, seier Riple. Ifølgje advokat Riple fann politiet ingenting av interesse. Det same sa ein person som tok telefonen i klubblokala i går kveld.

— Politiet veit forbanna godt at dei to flytta frå her for eit par år sidan. Men vi er jo vande med å bli forfølgde og trakasserte av politiet, sa mannen, som ikkje ville oppgi namnet sitt til BT.