Senterparti-veteran Magnus Stangeland var omvisar og skipper.

Både Stangeland og Foss gir regjeringa sin del av æra for optimismen i maritim sektor. Den tidlegare stortingsmannen frå Austevoll vil derfor at ei ny raudgrøn regjering også må få litt blåfarge.

Skryt for rente og inflasjon

— Renta er låg, inflasjonen er nede. Det skrytet skal regjeringa ha. Så eg håpar ei eventuell raudgrøn regjering også tek litt blått med seg, seier Magnus Stangeland.

— Eg har ingen problem med å la Stangeland styra, seier Foss idet Stangeland fører samarbeidsselskapet Skarvelands cabincruiser over ein opprørt Selbjørnsfjord.

— Han og eg er einige om det meste, vi. Eg trur han har eit større problem med Åslaug Haga, seier Per-Kristian Foss.

Stangeland stortrivst i si nye rolle som næringsaktør, og lengtar ikkje tilbake til tinget. Han ønskjer ikkje å kommentera Sp sin plass i ei raudgrøn regjering, heller ikkje spørsmålet om han eventuelt skulle bli beden om å ta ein statsrådsplass.

Izar-avtalen sysselset 150

Høgre-statsråd Per-Kristian Foss fekk i går optimistiske tonar med seg frå omvisinga i Sunnhordland og Bergen:

Bergen Yards sin fregattavtale med spanske Izar er i godt gjenge og sysselset 150 i Bergen og på Halsnøy. Attvinningsaktiviteten på Askøy er i vekst. Skipskonsulentselskapet Vik-Sandvik i Fitjar har oppdrag verda rundt. Oppdrettsnæringa i Austevoll har gode tider.

— Sysselsetjinga aukar mest langs kysten. Det er her verdiskapinga skjer. Skipsverft kysten rundt har i løpet av dei siste par åra teke seg opp frå tomme ordrebøker til å vera relativt tilfredse, seier Foss.

— Årsaka er at kronekursen er blitt betre, og at bedriftene har funne sine nisjer i marknaden, meiner finansministeren.

— Arbeidsløysa går ned, men vi er ikkje i mål. Vi tek ikkje åleine æra for den gode økonomiske utviklinga i bedriftene. Internasjonale konjunkturar og lønsmoderasjon har også gjort sitt. Men kritikk mot regjeringa når det gjeld sysselsetjinga har aldri vore meir feil. For aldri før har så mange vore i arbeid her i landet som i dag, seier Per-Kristian Foss.