Parasitten gyrodactylus salaris blei funnen på ein lakseunge i midten av oktober. Tidlegare denne veka blei det kjent at gyroen, ofte kalla laksedreparen, var påvist nok ein gong. No er også ein DNA-analyse av parasitten klar.

— Parasitten er av same type som dei parasittane som er DNA-analyserte tidlegare. Dei er heilt like, opplyser seniorinspektør Kåre Rudningen ved Mattilsynet for Indre Sogn.

Dermed tyder det meste på at lakseparasitten har overlevd behandlingane som er gjort med aluminium. Smittekjelda er framleis intakt i vassdraget. Hadde parasitten vore av ein annan type, ville det ha tyda på at elva denne gongen hadde fått smitten frå eit anna vassdrag.

Andre mislukka forsøket

Den parasittråka lakseungen blei fanga i samband med friskmeldingsprogrammet for elva. Lakseungen blei teken like ved Ljøsne skule, omtrent 16 kilometer frå elveosen. Dette er andre gongen det blir gjort eit mislukka forsøk på å utrydde gyroen frå Lærdalselvi.

— Dette er veldig skuffande. Vi hadde godt håp denne gongen, seier leiar i elveeigarlaget, Magne Eri.

Han meiner det nye funnet av parasitten er eit stort tilbakeslag i kampen mot laksedreparen på landsbasis:

— Måten behandlinga har vore gjort på, kan ikkje ha vore god nok. Det må nok arbeidast meir med den praktiske gjennomføringa av denne metoden.

Eri viser til at det same som no skjer i Lærdal, hende på Nordmøre sist vinter.

Miljøprotest

Den frykta gyrodactylusen blei første gongen påvist i Lærdal i 1996. Lærdalselvi hadde den gongen status som dronninga mellom norske lakseelvar, og funnet av parasitten fekk brei omtale. Trass veldig protestar frå miljørørsla, først og fremst Kurt Oddekalv, blei vassdraget året etter behandla med giftstoffet rotenon. Denne plantegifta skulle ta alt liv i heile elva, men det skjedde ikkje. For den som overlevde var parasitten. To år etter at daude laksar og aurar flaut i hopetal nedover mot fjorden, slo gyrodactylus salaris tilbake.

Våren 2005 prøvde styremaktene seg så med aluminium i det som blei karakterisert som den første store miljøvennlege gyroaksjonen i landet. Forsking hadde vist at aluminium tok knekken på parasitten, medan andre organismar overlevde. I alt tre gonger på eitt år blei vassdraget tilført store mengder aluminium.

I ettertid har det jamleg vore samla inn fisk som er sendt til analyse ved Veterinærinstituttet. Det var under arbeid med å granske fisk fanga på tolv ulike stader i haust, at parasitten blei oppdaga.

Uklart om neste års fiske

Undersøkingane av fangsten i den delen av vassdraget som ligg nærast fjorden, er ikkje ferdige. Først når alle undersøkingar er fullført, vil det bli teke stilling til om det blir nye rundar med aluminiumsbehandling.

— Vi har ikkje fått nok signal på kva dei ansvarlege for forsøka på å utrydde parasitten no tenkjer. Det skal vere eit møte komande veke. Så vidt eg kjenner til er det funne fem parasittar på ein lakseunge. Vi håpar no på strakstiltak, kanskje ein fjerde runde med aluminium, seier elveeigarlagsleiar Eri.

SJUKMELD PÅ NY: Biletet er frå den første giftbehandlinga med rotenon i april 1997. Våren 2005 prøvde ein på ny med aluminium. Begge forsøka har vore mislukka. ARKIVBILDE: ODDLEIV APNESETH