Spesialitetskomiteen i fødselshjelp og kvinnesjukdomar har nyleg besøkt Bergen for å vurdere kvaliteten på spesialistutdanninga ved institusjonen. No legg komiteen siste hand på rapporten. Etter det BT har grunn til å tru, kan KK i første omgang bli pålagt tiltak for å sikre kvaliteten på utdanninga.

I dag tilbyr KK utdanningspraksis i fire år for legar som spesialiserer seg innan generell gynekologi. I løpet av denne perioden må kandidaten utføre både visse typar og ei viss mengde operasjonar.

Fordi det blir utført stadig færre slike inngrep ved KK, kan sjukehuset risikere å få redusert godkjenning som utdanningsinstitusjon. Det kan få alvorlege ringverknadar: Legane må dra til andre sjukehus for å fullføre utdanninga, og i neste omgang blir det vanskelegare å rekruttere assistentlegar til Bergen.

— Over tid har KK hatt problem med å rekruttere nok erfarne spesialistar, og då er vi avhengige av å utdanne våre eigne, seier avdelingsleiar Britt Eide i ein kommentar til BT.

— Ein situasjon der vi ikkje fyller krava godt nok som utdanningsinstitusjon er svært bekymringsfull, og vil ha langtidsverknadar som ikkje er gode. KK er i ein vanskeleg situasjon, og vi arbeider iherdig for å løyse desse flaskehalsane.

Fleire konkrete tiltak er på gang, mellom anna er to operasjonssjukepleiarar nettopp tilsett, og fleire ledige legestillingar utlyst.