Det er avisa Vestnytt som melde om episoden som skjedde ved fotgjengarfeltet nær Liljevatnet skule.

— Ein gjeng ungar gjekk samla over mot skulen. Ein vart ståande att. Eg trudde han venta på ein kamerat eller noko. Plutseleg rulla han ut i vegen og vart liggjande, fortel Eustice sjokkert.

Heldigvis køyrde ho ikkje fortare enn 30 km/t, slik at ho fekk stogga bilen, skriv Vestnytt.

— Eg lurte på om han hadde snubla, men han reiste seg og lo, fortel Eustice til Vestnytt.

— Har det hendt fleire gonger enn dette eine tilfellet, vil me ta kontakt med skulen for å få ein dialog om saka. Det seier politioverbetjent Bjørn Hagen ved Fjell og Sund lensmannskonto til Vestnytt.