Fem tilsette i 2003, 50 i fjor og 160 tilsette i dag. Det er veksten for telefonselskapet Stord Dialog.

Midt i industribastionen Sunnhordland er Stord Dialog ein framand fugl.

Her blir ingen varer produsert. Varene er ikkje innom dørene ein gong. Alt dei 160 tilsette, dei fleste på deltid, gjer er å selge på oppdrag.

– Eg sel for kven som helst som betalar meg, seier Pedersen.

Vener og kollegaer

Ann Lisbeth Hope (20) set på seg hovudtelefon og mikrofon, koplar seg til pc-skjermen og set i gang.

Den automatiske oppringingsmaskinen har fått ei liste med namn og telefonnummer frå oppdragsgivarane.

Skjermen hennar blir fora med info om kven som blir oppringt.

Hope presenterer seg, helsekostfirmaet ho jobbar på oppdrag for denne dagen og produkta deira.

Det går tregt i starten, men Hope lar seg ikkje psyke ned. Jobben er fin, kollegaene er venner og dei held saman også etter arbeidstid.

Held motet oppe Kunden frå Rolfsøy skuldar på dårleg tid, Hope tastar inn beskjed om at maskinen må ringe tilbake seinare. Kunden frå Hammerfest er ikkje heime, Hope tastar inn beskjed om at maskinen må ringe tilbake når kveldsskiftet er på jobb. Kunden frå Sparbu let seg ikkje lokke av gratis vareprøver, Hope tastar inn beskjed om at kunden ikkje vil kjøpe på telefon.

Miljøet er tett. Musikken står på. Selgerane oppmuntrar kvarandre. Dataskjermen på vegger fortel heile tida korleis kvar og ein ligg an. Thomas Franzen er coach og har som jobb å muntre opp og motivere når det går tregt. Det trengst i dette yrket.

– Det er vanskeleg å vere ein robot, seier Frantzen.

Van med å få kjeft Pedersen er fagforeiningsleiaren som vart toppsjef i teleinstallasjonselskapet Bravida, og ansvarleg for å sette fleire tusen tilsette på porten for å spare kostnader.

Ei solid «fallskjerm» då han gjekk av gjorde Pedersen landskjend, men også rik nok til å starte som investor.

Stord Dialog var eit hanglande selskap i ein lite omtykt bransje då Pedersen vart spurd om å delta.

– I og med at eg var van med å få kjeft i avisene så takka eg ja til det, seier Pedersen.

I år tok ekteparet Pedersen over heile selskapet etter ei kapitalutviding på 1,5 kroner.

Utvidar Pedersen fnys av spørsmål om telefonsal ikkje er verdiskaping og skikkeleg arbeid?

– Verdiskaping for kven? Vi har køyrt ut 1,4 millionar kroner førre månad.

Det blir ikkje arbeid i produksjonen om varene ikkje blir selde.

– Den som kan distribusjon og den som kan selge, den er konge, seier Pedersen.

Pedersen meiner Stord Dialog gir eit tilbod som ikkje var å finne på Stord før, eller i Rosendal og Etne, der verksemda har opna nye avdelingar i haust.

– Dette er eit flott supplement til det som var her frå før, seier Pedersen.

Dei som jobbar her lærer å selje, snakke for seg og presentere eit bodskap.

Nyttig lærdom som fleire burde hatt, meiner Pedersen.

– Eg har møtt folk som har ræva full av vekttal, men som ikkje kan kommunisere, seier han.

Tor Høvik
Tor Høvik