_ALDER: 68

BUR: Voss

SIVILSTAND: Gift

YRKE: Professor i medisin

AKTUELL: Har sleppt boka «I kastanjetreet», om oppveksten på Vangen._

– Kvifor kastanjetre?

– Fordi eg heldt ofte til i kastanjetreet i hagen vår. Der hovudstammen forgreina seg, var det eit lite platå, akkurat stort nok til ein liten gut. Der kunne ingen sjå meg.

– Ein hemmeleg plass som berre du visste om?

– Foreldra mine var nok klar over at eg heldt til der. Når dei ikkje fann meg andre stader, kom dei bort til kastanjetreet og ropte.

– Kva dreiv du på med der oppe?

– Eg tenkte. Eg kunne klatra opp i treet når eg var glad, og når eg var lei meg.

– Tenkte du nok der oppe til å fylla ei heil bok?

– Det gjorde eg sikkert. Eg har fotografisk minne. Det er kjekt i mange samanhengar, men ille når eg ikkje blir kvitt bilete eg slett ikkje vil hugsa. I boka har eg skrive om mangt som eg opplevde andre stader på Vangen.

– Som til dømes?

– Eg skriv om oppvekstmiljøet på Vangen i 1940— og 50-åra, om alt det løgne som hende i ein tettstad på Vestlandet.

– Som ålefiske i kjellaren på Handelslaget?

– Javisst. Faren til Frode Ringheim (seinare sjukehuslege i Mo i Rana) var styrar på Voss Handelslag då flaumen i Vangsvatnet kom inn i kjellarane. Vi gutane fann fram fiskesnøret og fiska kloakkål. Mora vart sint då Frode kom heim med fangsten.

– Men Jonas i kvalbuken kopierte du aldri?

– Nei, men eg har vore inne i kjeften på ein svær bardekval. Det lukta ille. Finnkvalen var 22 meter lang, vòg 30 tonn og låg på to jernbanevogner på Voss stasjon.

– Kva gjorde ein kval der?

– Han var på gjennomreise. Fanga i Nordsjøen, kjøpt av ein dansk forretningsmann som ville tene pengar på å visa han fram. Voss var første stopp, og lukta var allereie grufull.

– Hadde ikkje Vangen mange originalar på den tid?

– Dei har eg også funne plass til i boka, saman med atterreisinga etter krigen, då mange hus vart flytta, og andre bygde nye. Freden gjorde at vi gutane kunne leika i skyttargravene.

– Har du minne frå kongefamilien sine opphald i heimen dykkar?

– Sjølvsagt. Eg har fleire anekdotar om Harald og Sonja. Best minnest eg den gongen mor mi stoppa raggsokkane til Kong Olav. Han hadde fått hol på tåa. Brått vart han eit heilt vanleg menneske for oss alle. Og det var vel nettopp det han ville.

– Hadde han ein sokk med hol på lur til det føremålet?

– Det har slått meg seinare at det kan han ha gjort. I tilfelle, så gjekk vi fem på, alle saman.

– Står kastanjetreet i hagen framleis?

– Det gjer det, men platået er borte. Då eg flytta heim att til Voss for ti år sidan, og overtok barndomsheimen, hadde greiner av kastanjetreet brotna.

Ole Didrik Lærum skriv om oppvekstmiljøet på Vangen i 1940- og 50-åra.