Det opplyser sjukehuset til bt.no no.

— Dette er berre ei trist ulukke, seier Askvoll-lensmann Oddvar Indrebø til Bergens Tidende.

Ulukka vart meldt AMK klokka 17.54 tysdag kveld, og ambulansehelikopteret var på staden omlag 20 minuttar seinare. Ifølgje politiet var det ingen vitne til at guten fall i vatnet, og det er såleis også uklart kor lang tid som gjekk før han vart funnen av faren.

— Det einaste vi veit, er at kroppstemperaturen var lav da lege kom til, fortel Indrebø.

Gutens familie bur i grenda England på Atløy, ei kort ferjereise frå kommunesenteret Askvoll.

Huset ligg i ein bakke, kor ein relativt bratt, 150 meter lang grusveg fører ned til ei strand og ein steinmolo.

— Faren driv skyssbåt, og den vesle guten har nok vore med og gått mange gonger på vegen frå huset ned til båten ved moloen, seier lensmannen.

— Det er enno uvisst kor lenge guten var utanfor foreldra sitt oppsyn før ulukka. Vi har berre såvidt snakka litt med faren etterpå, og vil sjølvsagt ta ny kontakt. Men slik situasjonen er, vurderer vi ikkje dette som noko hastesak.

Foreldra er såleis truleg dei einaste som kan kaste lys over saka. Dei er no i Bergen.

Politiet undersøkte ulukkesstaden på Atløy i dag, der ulukka har gjort sterkt inntrykk blant dei omlag 470 fastbuande.