Fem jenter er tidlegare bøtelagte eller domfelte for ugjerninga. Ekskjærasten får no 5000 kroner i bot for å ha vore med på planlegginga, og å ha lokka offeret bort frå veneflokken sin.

Fetteren til offeret må betala 3000 kroner i bot for å ha ropt «Vangsen! Vangsen!», noko som førde til dramaet ute i Vangsvatnet.

Dei to gutane må, saman med jentene, også delta i spleisen på 2411 kroner i erstatning for offeret sine dokumenterte utlegg. Retten karakteriserer lekamskrnkinga som til dels grov og nedverdigande, med preg av mishandling.

Offeret får framleis hjelp med psykiske plager, og kunne ifylje legefråsegn ikkje møta i retten av psykiske grunnar.