Det skriv avisa Nordhordland.

To gutar på 12 og 14 år har tilstått branntilløpet.

— Vi ser svært alvorleg på denne hendinga, og er glad for at vi har fått oppklart saka så raskt, seier lensmann Einar Vatne til avisa.

Rask reaksjon

Familien Skarpenes/Åsheim var uet og gjekk tur tysdag kveld. Dei oppdaga brannen, varsla og starta sløkkjearbeidet.

— Eg kom meg innafor anleggsgjerde, og fann etter kvar ein stamp med vatn og ei bøtte. Det gjorde susen, fortel Kjartan Skarpenes til avisa Nordhordland.

Ettersom dei to brannstiftarane er under kriminelle lågalder, blir saka no oversendt til barnevernet og konfliktrådet.