Til dagleg er Nils Een driftssjef på Kommunalavdeling for Tekniske tenester i Voss kommune.

Men på fritida er han "evig ung alpinist"; — ein tilstand som har vore uendra frå oppvekståra i idrettsmiljøet omkring Bavallsanlegga i Skulestadmoen.

Nå har han altså gjort det igjen: Veteran-NM sigrar både i Super G og i storslalåm i årsklasse 61 - 65 år! - - - - Berre i slalåm gjekk han glipp av pallplassering.

Der køyrde han nemleg ut.

Voss kommune