Ulukka skjedde i Strandvik i 11.30-tida.

Guten hadde lette skader, og vart frakta til Haukeland Universitetssykehus med ambulanse. Han er no skriven ut frå sjukehuset.

Politiførstebetjent Ove Ivarhus ved Fusa lensmannskotor seier at var guten klagde på smerter fleire plassar.

— Sykkelhjelmen hans var heilt knust. Det syner kor viktig det er å bruke hjelm. Utan denne kunne ulukka fått mykje større konsekvensar, seier Ivarhus til bt.no.

Bilføraren som var med i samanstøyten, har forklart at to syklister kom nedover ein sideveg i Strandvik. Han stogga bilen for å sleppe dei to fram.

Den eine syklisten suste forbi, medan den andre hamna rett i panseret, stupte inn i frontruta og landa på taket.