— Han blei funnen så fort takka vera media. Etter kvart som fleire media skreiv om han, fekk me inn fleire uavhengige tips frå publikum. Det gjorde at me til slutt fekk lokalisert han i Kaupanger, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Den utviklingshemma15-åringen blei funnen i god behald i eit byggefelt ved 20.30-tida. Han har gått til fots frå Sogndal til Kaupanger, ein strekning på rundt 10 kilometer.

— Han er no tilbake hos foreldra, og alt er såre vel, seier Hauge.

Guten blei meldt sakna ved 17-tida i ettermiddag, etter at han kom bort frå foreldra sine på Sogningen Storsenter i Sogndal.

Rundt tretti personar frå Røde Kors blei sett inn i leitinga, i tillegg til to hundeekvipasjar. Luftambulansen frå Førde bistod også politiet i leitearbeidet.