Heidi Thorkildson Ryste

— Guten vart meld sakna klokka 18.56 på ein holme rett utanfor Dale. Det var til saman fem personar på holme og dei hadde lett ei god stund då dei melde han sakna, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Meldinga utløyste full redningsaksjon og luftambulanse, redningsdykkarar og politi vart sendt til staden.

— Guten vart funnen klokka 19.30 av dei han var saman med. Dei hadde nok gått litt om kvarandre, seier Rimmen.