– Guten var medviten då meldinga om ulukka kom, klokka 19.04, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Luftambulanse og lege kom raskt til staden, og guten vart frakta til Førde sentralsjukehus.

Guten kom til sjukehuset like over klokka åtte fredag kveld. Han hadde lettare skader, og ligg no på ei vanleg avdeling, opplyser sjukehuset.

– Ulukka skjedde om lag 900 meter frå Sande sentrum, på gamlevegen mot Viksdalen, seier Holme.

Politiet veit framleis ikkje korleis ulukka skjedde.