• Kvifor er det 17. mai-flagg på båten?

— Kvifor er det 17. mai-flagg på båten? Det er jo ikkje 17. mai i dag.

Martin Vik (7) skjønar ingenting. Han er på besøk på BT-båten saman med seks andre bran frå Årås barnehage i Austrheim. Han er eigentleg for stor for barnehagen, men går på SFO der av og til.

— Alle båtar har lov til å ha flagg, forklarer ein av førskulelærarane.

— Og kvar er planken? lurer Martin.

Det er dårleg med plankar på «Granvin». Ikkje er det så mange piratar her, heller. Men ein stor båt er det iallfall.

Pernille Langøy (6) avslutta sin barnehagekarriere med eit besøk på «Granvin».

— Eg gler meg til å byrja på skulen, for då slepp eg å gå med sånn trong redningsves, seier ho og dreg i den oransje redningsvesten.