Lensmannen i Hardanger etterforskar innbrotet hjå Berg Gull & Sølv med tilgjengelege mannskap, med bistand frå spesialseksjonar i Hordaland Politidistrikt.

Måten innbrotet er utført på gjer at ein har teikna seg eit bilete av gjerningsmennene. Ein har sett liknande innbrot andre stader i Norge — gjerne mot gullsmed- og urmakarverksemder. Gjerningsmennene har kome frå utlandet, teke seg til åstad i leigebil og gjerne budd på hotel/pensjonat eller campingplasser før dei har slått til.

Folkene har rekognosert og kartlagt i aktuelt område før sjølve innbrotet, melder politiet i ei pressemelding.

— Vi veit at vitner har høyrt lydar frå boring nede i Rymbilen frå torsdag 28. april fra klokken 2300 på kvelden og til lokken 04. 30 på fredagsmorgonen. Det er nytta

grovt boreutstyr. Politiet ynskjer attendemelding om nokon saknar tyngre eller verktøy som til dømes bor/meiselhammar, seier politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand i Hardanger lensmannskontor.

Boreholet inne er målt til 35x35 centimeter. Politiet veit at to personar har vore inne i bygget. Truleg har dei hatt ein medhjelpar/observatør på utsida.

Lensmannen i Hardanger ynskjer å kome i kontakt med vitner som i forrige veke har gjort observasjonar som kan setjast i samband med innbrotet hjå

Berg Gull & Sølv.

Det er klarlagt at gjerningsmennene ikkje fekk med seg nokon varer frå Gullsmedforretninga.

Politiet utelukkar ikkje at der kan være ein samanheng til innbrotet hausten 2010.

To personar krraup gjennom dette holet.
POLITIET