KJARTAN RØDLAND

Granvin-fenomenet, var uttrykket Per Jorsett brukte om Olav Medås, trippel-skyttarkongen frå Granvin. Laurdag la fylkesmann Svein Alsaker meir til: Toppidrettsmannen, skyttarlagsmannen, HV-mannen, forsvarsvenen og ikkje minst ungdomsarbeidaren. Det heldt rikeleg til Kongens fortenestmedalje i gull. Og kommunen kan kosta takketuren til kongen på han og kona Kjellaug — Alsaker lova at fylkesmannen ville godkjenna vedtaket!

Solide tradisjonar

Den einaste medaljen Olav ikkje har frå før! sa tidlegare fylkesordførar Magnar Lussand då han helsa og takka på vegner av Hordaland fylkeskommune - Lussand er sjølvsagt sjølv både skyttar, skytelærar og gamal Granvin-ordførar.

Granvin har solide tradisjonar for skyttarfestar. Dei festa kvar gong Olav vart skyttarkonge, i 1952, i 1963 og i 1971, og dei som har minne til det, hugsar enno 100 års festen for laget i 1979 - då var Olav Medås med på å styra festen.

Skyttarfesten laurdag fylte ungdomshuset Trudvang i Granvin i to høgder og til to festar, først jubileumsmiddag med talar og hardingfele og kveding, tre timar seinare enklare og friare skyttarfest oppe i storsalen - med deltakarar i alle aldrar, frå dei yngste rekruttane på 14 år som skyt fullt hus og 350 poeng på bane, til dei verkelege veteranane, Olav Medås sjølv fylte 78 år tidlegare i haust.

Dugnadsmannen

Olav Medås har medaljar og pokalar nok til å fylla heile kårhuset på Medås for innsatsen som aktiv skyttar, men Kongens gull har han fått fordi toppidretten er ein del av eit mykje større bilete, mest i skyttarlaget der han i mange år var formann og endå fleire år med i styret i dei snart 60 åra han har drive sporten, fordi han har lært opp dei fleste skyttarane i Granvin frå dei var tenåringar, laga læreplan for skyting som valfag i ungdomsskulen, og ikkje minst som svært aktiv dugnadsmann - det året han hadde vunne Margaretakjeden og dermed fekk retten til neste skyting om denne premien på heimebane, dreiv han dugnaden så langt at dei måtte bruka eit eige avsnitt i årsmeldinga på innsatsen hans.

Æresmedlem

Æresmedlem av laget har han vore heilt sidan han vart skyttarkonge for andre gong, den einaste til no laurdag - då fekk han fylgje av Gunnar Lussand og Bernhard Aase.

Jubileumsmedalje vart det til Jon Prestegard, Jon Olav Folkedal, Steinar Skaar og Eivind Brekke - dei har æra for at det nye baneanlegget på Råe for ein stor del er bygd på dugnad - heile stasen kom på drygt 2 millionar kroner, og laget er nesten gjeldfritt og kan bruka pengane sine på aktivt skyttararbeid i staden.

Ekstra glede

Sjølvsagt kom det mange gode ord både til skyttarkongen og laget på festen: Frå Skyttarstyret kom Jarle Tvinnereim, og han minna om at Olav Medås er ein av dei svært få aktive skyttarane som i det heile har fått Kongens gull. Granvinordførar Olav Seim (skyttar han også), takka både kongen og laget hans, Nils Gunvald Herre helsa og takka frå Hardanger og Voss skyttarsamlag, Magnar Lussand frå fylkeskommunen og Arne Hauso frå skyttarnaboane i Voss. Men ekstra glede var det over gåva frå den gamle storskyttaren på Voss, Dag Midttun, som sende eit beger stort som ei lita bøtte, ho skal pryda skyttarhuset.