— Vi føler at vi har eigedomsrett til Henrik Wergeland. Han har farsrøtene sine i Gulen. Vi kan ikkje sitja stille og sjå på at Aust- og Sørlandet annekterer han i samband med at det er 200 sidan han vart fødd, seier ordførar Trude Brosvik.

Ho og kommuneadministrasjonen i Eivindvik skal 30. januar starta planlegginga av ei lokal markering av «Wergeland 2008» jubileet.

— Vi utfordrar lag, organisasjonar og skular til å vera med på eit program med eit felles arrangement for alle bygdene i Gulen den 17. mai. Det høver bra ettersom Henrik Wergeland stifta nasjonaldagen og det er ut ifrå det han stod for naturleg å leggja markeringa til Gulatingsstaden, seier Trude Brosvik.

Stille Eivindvig!

Henrik Wergelands far, presten og Eidsvollsmannen Nicolai Wergeland, vart fødd på garden Mjøs i Hosanger. Familien kom frå Verkland i Brekke og han heitte eigentleg Niels Lassessen. Ein onkel som tok seg av han tykte etternamnet var litt bondsk og fordanska det til Wergeland.

Niels sjølv valde eit finare fornamn med latinsk opphav - Nicolai. Han flytte til København for å studera teologi og busette seg først i Kristiansand. Der vart han gift og der vart sonen Henrik fødd.

Henrik Wergeland var i vaksen alder svært oppteken av farsrøtene. Han reiste sjeldan nokon stad, men ville absolutt til Vestlandet og gjorde i 1832 ei stor reise gjennom Sogn, med hest og kjerre opp Gudbrandsdalen og over Sognefjellet ned til den vakre fjorden. Han var innom både Eivindvik og Brekke og let att etter seg begeistra skildringar av det han såg og opplevde på den store reisa.

Særleg godt hugsa vart eit dikt han skreiv om Eivindvik: «Ned med Seilet! Ind fra Havet! Ind hvor, under Sæd begravet, drømmer stille Eivindvig!

Gulatinget

— Hadde Wergeland kome hit i dag ville han merka seg statuen av kong Olav på Skjerjehamn og eg trur han med sitt nasjonale lynne ville blitt begeistra for han, seier Trude Brosvik.

Saman med andre historieinteresserte i Gulen reagerer ho på ein brosjyre som er laga i samband med den nasjonale markeringa av Wergelandsjubileet. Det verkar i brosjyren som om Noreg som nasjon og det norske demokratiet vart til på Eidsvoll i 1814.

— Grunnlaget for ein sjølvstendig norsk stat med ei eiga lov vart lagt på Gulatinget. Det var den første tingstaden i landet og først mange hundre år seinare fekk vi grunnlova på Eidsvoll i 1814. Henrik Wergeland knytte Gulatinget og Eidsvoll saman. Det er historielaust å ha eit einsidig fokus på Eidsvoll, seier Brosvik.

Sognegener

Gulen-ordføraren vedgår at det kan bli ei utfordring å få bygdene i Gulen til å samarbeida om ei felles markering.

— Vi har gjerne ikkje dei beste tradisjonar på det området. På den andre sida skal vi kanskje også vera litt stolte over at folk i Gulen kan vera litt stride. Henrik Wergeland var óg det, og det var vel frå farsslekta han hadde dei genane, seier Brosvik.

HISTORIELAUST: Henrik Wergeland knytte sjølv Gulatinget og Eidsvoll saman. -Det er historielaust å ha ein einsidig fokus på Eidsvoll, meiner Gulen-ordføraren.
NTB
GULEN OG WERGELAND: ¿ Vi føler at vi har eigedomsrett til Henrik Wergeland, seier ordførar Trude Brosvik i Gulen. ARKIVFOTO: JOHN LINDEBOTTEN
Bergens Tidende